BLIR I FYLKET: - Det er ofte slik at studentane som vert utdanna på Fagskulen, tek seg arbeid i Sogn og Fjordane og buset seg i fylket, seier rektor Reidar Grønli. Her saman med Britt Dalsbotten, stortingskandidat for Frp, Frida Melvær, stortingskandidat for Høgre, avdelingsleiar ved Fagskulen, Eilert Årseth og Olve Grotle, ordførar Førde. (Pressefoto)

Har fått 1,9 millionar til utvikling av skulen

Fagskulen i Sogn og Fjordane har fått 1,9 millionar kroner og aukar talet på studentar.

Publisert 14.07.2017 kl. 17.00.

Fagskulen søkte i mai på Kunnskapsdepartementet sine utlyste utviklingsmidlar for å få støtte til å etablera og utvikla eit næringsretta kurs- og kompetansesenter. Søknaden vart stetta.


- Tildelinga er ei fantastisk nyhende for Fagskulen i Sogn og Fjordane, og truleg er tildelinga positivt også for store delar av arbeidslivet i Sogn og Fjordane, seier rektor Reidar Grønli.


Auka inntaket

Fagskulen i Sogn og Fjordane er i ei svært positiv utvikling. I tillegg til å få tildelt desse utviklingsmidlane, har Fagskulen auka studentinntaket tre gonger, går det fram av ei pressemelding.


- For studieåret 2017/18 har Fagskulen teke inn 90 studentar ved teknisk avdeling Førde, medan me i studieåret 2016/17 hadde 33 studentar. Fagskulen si maritime avdeling i Måløy har teke inn 28 studentar. Avdelinga i Måløy har fulle klassar kvart år. Dette gjer at næringslivet kan få tilført mange nye fagskuleingeniørar i nær framtid, opplyser Grønli.


Tal frå Sogn og Fjordane sin regionale kompetanseplan viser at fram mot 2030 vil ein tredel av fagfolka i fylket bytast ut. Det er difor svært gledeleg at Fagskulen utdannar mange fagingeniørar, meiner Grønli.


- Det er ofte slik at studentane som vert utdanna på Fagskulen, tek seg arbeid i Sogn og Fjordane og buset seg i fylket. 


Heva status

I mai gjorde Stortinget vedtak om å heva statusen for fagskulane i Noreg til høgare yrkesfagleg utdanning.


- Kanskje er det statusen som høgare utdanning som har ført til stor auke i inntaket til Fagskulen i Sogn og Fjordane, seier Grønli. 


Ved tildeling av utviklingsmidlar har Fagskulen i Sogn og Fjordane fått høve til å auke aktiviteten ytterlegare. Dei 1,9 millionane er ein del av eit budsjett på 3 millionar. Pengane skal brukast i eit prosjekt som har som mål å utvikla eit næringsretta kurs- og kompetansesenter. Fagskulen er alt i gang med prosjektet, vert det opplyst i pressemeldinga.


- Per i dag er det oppretta ei kompetansegruppe innan El-kraft. Føremålet med kompetansegruppa er at næringslivet sjølv skal få høve til å definera kva kompetansebehov dei har. Fagskulen kan deretter tilby studiar og kurs som er tilpassa næringslivet sine behov. På denne måten kan utdanning og næringsliv spela saman i arbeidet med å tilføra høg kompetanse til bedriftene i Sogn og Fjordane.


Samarbeid

Fagskulen og Høgskulen på Vestlandet, avdeling Førde arbeider tett saman i det næringsretta kurs og kompetansesenteret.


- Den samla kompetansen i personalet til dei to utdanningsinstitusjonane er høg. Det vil også bli aktuelt å involvera dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane i dette samarbeidet. Dersom utdanningane og næringsliv/arbeidsliv i framtida kan arbeida saman, vil me kunne skapa føresetnader for ei god utvikling. Høgskulen vil ta med forskingsarbeid inn i prosjektet. Dette gjer prosjektet endå meir spanande, seier Grønli. 


Forutan Elkraft tek prosjektet sikte på å etablera ei kompetansegruppe i industriteknologi og ei i bygg- og anleggsbransjen.


- Dette er slik me startar, men potensialet og moglegheitene er grenselause, seier Grønli.


Les meir om: Nyhende Utdanning

Siste saker Gå til framsida