BRANN: Branntryggleik i bustader står i fokus når brannvesen over heile landet inviterer til open brannstasjon. Biletet er frå ei øving. (Arkivfoto)

Halvparten har ikkje teke den viktige brannpraten

54 prosent av alle familiar har ikkje avtalt møtestad ute og elles kva ein skal gjera i tilfelle brann.

Publisert 12.09.2018 kl. 14.20. Oppdatert kl. 14.30.

Det viser ei undersøking som TNS Gallup nyleg har utført for Norsk brannvernforeining, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og If, opplyser Sogn brann og redning i ei pressemelding.

ØVING: - Brannøving heime er noko me ønskjer at alle skal ha, seier Olav Helge Ylvisåker i Sogn brann og redining. (Arkivfoto)

- Skremmande

Branntryggleik i bustader står i fokus når brannvesen over heile landet inviterer til open brannstasjon i høve Brannvernveka, som er neste veke.


- Det skremmer at over halvparten av alle nordmenn ikkje har teke den viktige brannpraten med familien. Ein samtale rundt middagsbordet for å bli einige om møtestad ved brann, kven som skal ta med kva barn og så vidare, er eit enkelt tiltak for å auka tryggleiken heime, seier Anders Rørvik Ellingbø, branningeniør og leiar for skadeførebyggjande avdeling i forsikringsselskapet If.


Ein av fire hevdar dei har gjennomført brannøving og prøvd ut rømmingsvegar heime, viser undersøkinga.


- Brannøving heime er noko me ønskjer at alle skal ha. Særleg hos barnefamiliar er det viktig at dei vaksne har ei avklart rollefordeling i tilfelle brann, slik at ein unngår misforståingar i ein kritisk situasjon der ein kanskje ikkje klarer å tenkja klart. Eit skrekkscenario er at nokon går tilbake inn i eit brennande hus fordi dei ikkje finn kvarandre på utsida, og så står den ein leitar etter trygt ein annan stad ute, seier Olav Helge Ylvisåker i Sogn brann og redning IKS.


Open dag

På rundt 350 stader over heile landet inviterer brannvesenet til Open brannstasjon laurdag 22. september. Open brannstasjon er lagt opp som ein familieaktivitet, der barn og vaksne får gode råd om branntryggleik. Konkurransar, sløkkjedemonstrasjonar og brannbilar er noko av det ein kan oppleva, og nokre stader får borna også helsa på Brannbamsen Bjørnis.


- Open brannstasjon gir oss eit høve til å formidla brannførebyggjande bodskap til publikum i ei tid på året da talet på bustadbrannar ofte er aukande. Om hausten trekkjer me meir innandørs, og me slår på lys og varme, fyrer i peisen og tenner levande lys, seier Ylvisåker.


Brannvernveka vert arrangert av Norsk brannvernforeining, DSB og If i samarbeid med brannvesenet. I vårt distrikt er det Sogn brann og redning IKS som står for gjennomføringa av arrangementet. Her inviterer dei til open dag på stasjonane i Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Gaupne, går det fram av pressemeldinga.


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida