MILJØKRAV: Ferjekaiane i Sogn skal byggjast om for å møta framtidige miljøkrav. Statens vegvesen har sett av nærare ein halv milliard til dette dei neste åra. (Foto: Arkiv)

Halv milliard til meir miljøvenlege ferjer

Ferjekaiane på sambanda Mannheller-Fodnes og Hella-Dragsvik-Vangsnes skal byggjast om for å møta miljøkrav.

Publisert 13.10.2017 kl. 12.54. Oppdatert kl. 13.23.

Statens vegvesen Region vest skal bruke nær 31 milliardar kroner på større utbyggingsprosjekt dei neste seks åra.


I dag blir etaten sitt handlingsprogram for perioden 2018-2023 sendt over til fylkeskommunane for høyring, melder Statens vegvesen i ei pressemelding. 


NTP for perioden 2018-2029 er investeringsramma for vegføremål i region vest på til saman 104 milliardar kroner. Fram til 2023, det som utgjer perioden i handlingsprogrammet, skal det brukast om lag 44 milliardar. Handlingprogrammet er Statens vegvesen sin gjennomføringsplan for Nasjonal transportplan dei komande seks åra.


Miljøkrav på ferjer

Mellom anna skal fleire av dei viktigaste ferjestrekningane i regionen skal utbetrast med tanke på å møta framtidige miljøkrav.

Det betyr at kaiene må byggjast om for å kunne drifta lågutsleppsferjer som går på enten straum eller hydrogen. Til slike føremål er det sett av nærmare ein halv milliard kroner dei neste seks åra, går det fram av pressemeldinga.
- Til dømes vil ombygginga på sambanda Dragsvik-Hella-Vangsnes og Manheller-Fodnes i Sogn og Fjordane åleine gje ein reduksjon på 9.000 tonn CO2 per år. Desse ferjestrekninga vil frå 2020 henta mesteparten av energien sin frå straumnettet, med biodrivstoff som alternativ, seier regionvegsjef Helge Eidsnes i samband med at handlingsprogrammet blir lagt ut på høyring.

 


Fem milliardar til tunnel

Dei siste åra har fleire tunnelar på Vestlandet blitt rusta opp i samsvar med EU sine tryggleiksføreskrifter. Dette arbeidet held fram dei komande åra, og det skal brukast nesten 5 milliardar kroner til slike føremål.


- Dette er ein omfattande jobb, og det er framleis mange tunnelar som skal oppgraderast. Eit slikt arbeid er krevjande fordi me samstundes skal sikre ein god trafikkflyt på gjennomgangsvegane. Vi forstår at folk som opplever venting og kolonnekøyring blir utolmodige, men samstundes gjer me desse tunnelane sikrare for framtida, meiner Eidsnes. 


Statens vegvesen varslar også auka innsats på trafikktryggleik.

Sjølv om talet på drepne og hardt skadde i trafikken har gått ned dei siste åra, er det likevel ein trend at mange av ulukkene i regionen er møte- og utforkøyringsulukker.

Det ynskjer regionvegsjefen å gjera noko med, og satsar difor på tiltak knytt til utbetring av sideterreng og meir midtoppmerking i alle dei tre vestlandsfylka.
- Me har gode erfaringar som syner at romlefelt reduserer talet på ulukker på viktige vegstrekningar. Eit enkelt tiltak, men like fullt svært effektivt. Difor har me sagt at alle strekningar som har breidde nok til det, skal fresast innan 2019 eller seinast neste gong strekninga vert asfaltert, seier Eidsnes i pressemeldinga.

I tillegg set vegvesenet inn tiltak for å sikra eller utbetre sideterrenga langs vegane.

- Til saman brukar me då 716 millionar kroner på desse to områda. Dette håpar me skal redusera risikoen for å bli drepen eller skadd i møte- og utforkøyringsulukker monaleg, seier Eidsnes.

Statens vegvesen opplyser at det totalt skal brukast over 1 milliard kroner til trafikktryggingstilak i regionen.
 


Siste saker Gå til framsida