Hadde manglar på bremsane

Publisert 14.09.2018 kl. 06.46.

Vegvesenet kontrollerte tunge køyretøy på Håbakken i Lærdal torsdag kveld.


Ein semitrailer hadde feil med ABS og tekniske manglar på bremsane. Ein trekkbil hadde oljelekkasje i motoren.


Kontrollørane skreiv ut to gebyr for manglande vognkort. Ein fører måtte sikra lasta betre før vidare køyring, opplyser Statens vegvesen.


Les meir om: Nyhende Lærdal Trafikk