Gudvanga-tunnelen er open att

Vart stengd på grunn røykutvikling frå varmgang i bremsene på ein varebil.

Publisert 18.08.2018 kl. 16.35. Oppdatert kl. 16.56.

Klokka 16.23 laurdag melder Vest politidistrikt at Gudvangatunnelen er stengt etter melding om røyk i tunnelen.


- Det skal vera varmgang i bremser på ein varebil som har forårsaka røyken. Tunnelen er stengd inntil vidare og naudetatar er på veg, skriv politiet på Twitter.


Klokka 16.05 melder Helse Førde om tre ambulansar, legevaktslege og luftambulanse er på veg. 


Klokka 16.45 opplyser Alarmsentralen at situasjonen er under kontroll.


- Det var røykutvikling frå ein varebil. Alle er komne ut, no er det berre brannmannskap og bergingsbil som er inne ved bilen. Alt er under kontroll, seier vaktliar Espen Rysjedal.


Tunnelen er no open for fri ferdsel att.


Siste saker Gå til framsida