TRONGT: Auka trafikk skapte utfordringar på den smale vegen mellom Leikanger og Hella i går. (Foto: Gunnar Kleven)

Grei trafikkflyt

Trafikken mellom Leikanger og Hella har stort sett gått greitt etter at den vart teken i bruk som omkøyringsveg fordi Fjærlandstunnelen er stengd.

Publisert 19.04.2017 kl. 07.33. Oppdatert kl. 08.24.

Det opplyser avdelingsdirektør Svenn-Egil Finden i Statens vegvesen. Trafikken på ferjesambandet Hella-Dragsvik har også gått bra.


- Det største problemet ser ut til å ha vore at det er mykje hjort mellom Vadheim og Høyanger, med stor fare for påkøyrsel, seier Finden, som har vore i kontakt med ferjemannskapet på ferja som trafikkerer sambandet Hella-Dragsvik onsdag morgon.


- Dei opplysingane eg har fått, tyder på at avviklinga har gått ganske greitt. Eg var der i dag tidleg og sjølv om det stod mange bilar på kaien, tok ferja unna det som var.


Kamera

Finden legg til at dei også har følgd situasjonen på kaien ved hjelp av kamera i natt.


- Kvar gong ferja har lagt frå kai, har det vore tomt med bilar. Me registerer auka trafikk, men det ser altså ut til å gå greitt.


Siste saker Gå til framsida