NÆRING: Regjeringa vil satsa på rv 52 over Hemsedalsfjellet som hovudvegsamband for næringstransport. (Arkivfoto)

Går for delt løysing mellom Hemsedal og Hardangervidda

Regjeringa, KrF og Venstre vil ikkje velja anten Hemsedalsfjellet eller Hardangervidda.

Publisert 20.03.2017 kl. 13.09. Oppdatert kl. 13.34.

Det var venta at det i dag, måndag, skulle bli klart om regjeringa ville satsa på anten Hemsedalsfjellet eller Hardangervidda som hovudveg aust-vest, i tillegg til E134 over Haukeli.


Funksjonsdeling

Slik vart det ikkje. I møte med media på Rein Vidde-konferansen på Geilo i føremiddag fortalde stortingsrepresentantane Trond Helleland (H) og Morten Wold (FrP) at dei ikkje meiner det er rett å velja berre éin av strekningane Rv52, Rv7 eller E16 som den andre hovudvegen.


I staden har regjeringa og samarbeidspartia KrF og Vestre kome fram til at dei vil satsa på fleire vegar mellom Austlandet og Vestlandet, der det blir lagt opp til ein funksjonsdeling, går det fram av ei pressemelding.



  • Riksveg 7 Hardangervidda skal utviklast som hovudvegsamband for persontrafikk, med stor vekt på mogelegheitene som finst for turisme, og med omsyn til villreinproblematikken.

  • Riksveg 52 Hemsedal skal vera hovudvegsamband for næringstransport. Her skal det leggjast vekt på å få trafikken bort fra sentrum og få opp fart og vinterregularitet.

  • E16 er vintersikker, men utgjer lengst køyreavtand Oslo-Bergen. Vegen skal fullførast og vil vera ein viktig avlastningsveg når andre overgangar er stengde.


Flaskehalsar

- Samarbeidspartia har store ambisjonar for utviklinga av samferdselsløsingane. Det er alt varsla at det skal brukast 1000 milliarder kroner på samferdsle dei neste åra. Me har også ambisjonar utover dette for den langsiktige utviklinga av vegnettet fram mot 2050, sier Trond Helleland (H), i følgje ei pressemelding.


I den kommande nasjonale transportplanen (NTP) vert det lagt til grunn strekningsvise utbetringar gjennom det som vart kalla «samordningsstrekninger». Her vil Statens vegvesen få mogelegheit til å bruka mindre beløp for å utbetra kritiske flaskehalsar utan at det blir definert som store, enkeltståande prosjekt som må bli vedtekne av Stortinget med eiga kostnadsramme.


- Kva slag større tiltak som skal startast opp, må vurderast fram til neste NTP for å finna dei tiltaka som gjev best nytte og størst effekt for pengane som skal brukast. Alle større tiltak på riksveg 7 og 52 er i dag på KVU/KS1-nivå, og mykje planlegging står igjen før sikra kostnads- og verknadstal er på plass, opplyser stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H), som lover å arbeida for å få prioritert dei langsiktige tiltaka på riksveg 52 og dei tilgrensande vegane frå Sogn og Fjordane.


- Leva greit med

Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant for Venstre, skriv i ei pressemelding at han i utgangspunktet skulle ynskja at ein var tydelegare på at riksveg 52 skal prioriterast som hovudsamband.


- No får me i staden ei funksjonsdeling, men den tenkjer eg me bør kunne leva greit med her i fylket. At riksveg 52 Hemsedal blir peika på som hovudsamband for næringstransport, tilseier at det etter kvart vil koma store investeringar der for å sikra kort reisetid og vinterregularitet. Det vil tena Sogn og Fjordane og heile nordvestlandet på ein god måte, seier han.


Siste saker Gå til framsida