I GODE OG VONDE DAGAR: Skilsmissestatistikken for Sogn og Fjordane syner at fleire enn før held saman.

Godt nytt for ekteskapet

Talet på separasjonar og skilsmisser er lågare enn på mange år.

Publisert 11.01.2017 kl. 19.57.

Fylkesmannen presenterer statistikk som går attende til 2008 og på dei åtte åra har ikkje talet vore så lågt som i 2016.


I 2016 har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjeve 189 separasjonar og 134 skilsmisser.


Toppår

Toppåret eller botn, alt etter korleis ein les statistikken, var i 2010. Då fekk 196 innvilga skilsmisse.


Flest separasjonar var det i 2008 med 210.


Statistikken:

År     Separasjonar  Skilsmisser


2016   189               134


2015   201               176


2014   196               146


2013   201               167


2012   158               178


2011   199               160


2010   199               196


2009   206               177


2008   210               175


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida