Bjørg Kristin Selvik, prorektor for utdanning på Høgskulen på Vestlandet, melder om gode tal for Sogndal. (Foto: Elin Espe Stensvand)

Gode søkartal for HVL og Sogndal

Høgskulen på Vestlandet kan skilta med gode søkartal etter årets hovudopptak.

Publisert 19.07.2018 kl. 11.40. Oppdatert kl. 11.47.

- Sogndal sin status som ein attraktiv studiestad held seg og har samla sett fleire søkarar enn i fjor, viser tala frå årets hovudopptak. Dette skriv Høgskulen på Vestlandet (HVL) i ei pressemelding.


Blant dei mest populære studia ved HVL er barnevernsstudiet i Sogndal. Til dette studiet er det fleire hundre på venteliste. Det same gjeld utdanningane innan vernepleie og sosialt arbeid.


Også barnehagelærarutdanninga er populær, og det er god vekst i tal søkarar som har denne som førsteval. Personleg trenar-studiet er det også vanskeleg å koma inn på i år, går det fram av pressemeldinga. 


- Dei fleste studia i Sogndal har venteliste og det er gledeleg å sjå at så mange høgt kvalifiserte søkarar satsar på desse utdanningane, seier prorektor for utdanning ved HVL, Bjørg Kristin Selvik.


- I tillegg har me veldig god søking til masteren i spesialpedagogikk gjennom lokalt opptak. For grunnskulelærarutdanninga på dei lågaste trinna derimot, er det framleis ledige studieplassar, sjølv om me har vekst i antal førstevalssøkarar. Dette vil me jobba vidare med.


Hevdar seg nasjonalt

 Dei totale tala for HVL viser at høgskulen hevdar seg bra nasjonalt i konkurransen om søkarane.


- Me har fleire søkarar enn i fjor og har om lag like stor andel av totale søkarar til høgare utdanning, sjølv om HVL berre er eit år gamal, seier Selvik.


HVL føl dei nasjonale trendane når det gjeld kva fag som er dei mest etterspurte. Helse- og sosialfaga blir stadig meir populære. Det er også god interesse for barnehagelærar- og grunnskulelærarutdanningane. Studia innan ingeniør- og naturvitskap har samla sett ein auke, samtidig som tala varierer mellom dei ulike fagretningane. Innan økonomi og samfunnsvitskap kan HVL gi fleire tilbod enn i fjor.


- Me veit at det framleis fins kvalifiserte søkarar som står utan tilbod. Og sjølv om me har gode søkartal, er det framleis mogleg å bli student hjå oss, seier Selvik, som viser til at ledige studieplassar kan søkast på gjennom Samordna opptak frå 20. juli.


Auke på landsbasis

 I årets hovudopptak, sender Samordna opptak ut 98 277 tilbod om studieplass på landsbasis. Dette er 4 176 fleire tilbod enn i 2017, noko som tilsvarer ein auke på 4,4%.


Av 124 934 kvalifiserte søkarar, har 98 277 (78,7%) fått tilbod om studieplass. I hovudopptaket er det fleire kvinner enn menn som har fått studieplass. 40 118 av tilboda er gitt til menn, medan 58 159 tilbod er gitt til kvinner.


Siste saker Gå til framsida