Jenny Følling er nøgd med forslaga til ekspertpanelet (Arkivfoto)

Glad for meir pengar og fleire oppgåver

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) tykkjer ekspertutvalet har gjort grundig arbeid og ber Stortinget om å følgja opp.

Publisert 01.02.2018 kl. 17.10. Oppdatert kl. 18.05.

Torsdag la eit ekspertutval fram forslag til kva arbeidsoppgåver dei nye fylkeskommunane skal ha. 


Næring og miljø

Desse ligg innanfor følgande hovudområde: 



  • Næring, kompetanse og integrering

  • Klima, miljø og naturressursar

  • Samferdsel/infrastruktur

  • Kultur og kulturminnevern

  • Helse og levekår


Heile rapporten kan lesast her


Nøgd fylkesordførar

Fylkesordførar Jenny Følling ber Stortinget om å følgja opp forslaga i rapporten. 


- Oppgåvene utvalet føreslår, vil gje eit vitalt regionalt folkevalt nivå og ein demokratigevinst. Ved å politisera oppgåver og leggja dei til eit politisk, folkevalt nivå, vil me betra sjansen til auka påverknad, seier Følling i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. 


Meir pengar

Ho meiner samfunnsutviklarrolla til fylkeskommunane er viktig. Såleis er ho godt nøgd med forslaget om at dagens regionale planlegging i større grad skal forplikte staten i både planprosessar og når det gjeld å følgje opp planvedtaka.


Totalt vil forslaga medføra ei budsjettauke på 23,5 milliardar, som tilsvarar eit auka rammebudsjett for fylkeskommunane på 32 prosent, melder fylkeskommunen. 


På kulturområdet føreslår ekspertutvalet overføring av eit stort ansvar ved å desentralisere ansvaret for ei rekkje tilskotsordningar frå Kulturrådet til fylkeskommunane. I strategien til utvalet ligg det at kultur- og identitetsbygging er ein sentral suksessfaktor i bygginga av nye, heilskaplege regionar. 


Fleire oppgåver

- Regionalpolitisk styring med overføring av viktige verkemiddel og ansvar vil gje fylka eit langt større moglegheit til å samordne innsats innanfor samferdsle, næring, klima og miljø, seier Følling.


Ho understrekar i pressemeldinga at verdiskaping og auka arbeidsplassar i fylka våre vil vera viktige sideeffektar.


Utvalsleiar Terje P. Hagen sa under framlegginga av rapporten i dag sa at regional verdiskaping i tillegg har stor betydning for nasjonaløkonomien.


- Me vil jobba hardt for at fylka skal få disse nye oppgåvene, avsluttar fylkesordføraren, som skal møta resten av fylkesordførarkollegiet 9. februar.