IKKJE MEIRINNSYN: « Kommunen har vurdert regelen om meirinnsyn, men ikkje funne grunnlag for det», skriv ordførar Jarle Aarvoll i ei orientering til kommunestyret.(Foto: Arkiv)

Gir ikkje innsyn i rapporten

«Det vert gjeve avslag på innsyn i rapporten. Dette gjeld rapporten i sin heilskap. Kommunen har vurdert regelen om meirinnsyn, men ikkje funne grunnlag for det».

Publisert 01.11.2017 kl. 20.14.

Det skriv ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal i ei orientering til kommunestyret. Rapporten det handlar om er rapporten om Sogn barnevern som Arbeidsmiljøspesialistane har utarbeidd på oppdrag av kontrollutvalet i Sogndal kommune som vart presentert 19. oktober, og som det er kome førespurnad om innsyn i.


I orienteringa til kommunestyret forklarar ordføraren kva lover, reglar og paragrafar vedtaket er heimla i.


Grunngjeving

«Offentleglova § 13 seier at det ikkje kan gjevast innsyn i opplysningar underlagt teieplikt. Rapporten inneheld mange opplysningar om personlege forhold, særleg sjukemeldingar som kan knytast til person, noko som det etter forvaltningslova § 13 gjeld teieplikt for. Rapporten kan bli nytta til personalmessig oppfølging. Av omsyn til forsvarleg oppfølging av tilsette og andre så vert det ikkje gjeve innsyn», skriv Aarvoll.


Det vert vidare trekt fram at det er deler av rapporten som korkje inneheld opplysningar som er underlagt teieplikt eller som er direkte knytta til personaloppfølging.


«Det er vår vurdering at desse delane vil gje eit klart misvisande inntrykk av innhaldet», skriv Aarvoll. Han trekkjer mellom anna fram at det vil vera urimeleg arbeidskrevjande å skilja desse opplysningane ut og viser også til at dei unnatekne opplysningane utgjer dei vesentlegaste delane av dokumentet. «Det er difor heimel for å unnta heile dokumentet for innsyn. Meirinnsyn skal alltid vurderast. Det er gjort, utan at kommunen har funne grunn til å opna for meirinnsyn», skriv ordføraren i orienteringa.


Klage

I brevet heiter det vidare at dette vedtaket kan klagast på i samsvar med klagereglane i forvaltningslova og offentleglova.


«Klagen må setjast fram overfor Sogndal kommune seinast tre veker etter at vedtaket er motteke eller ein på annan måte er kjent med innhaldet. Sogndal kommune vil då vurdera klagen. Dersom klagen vert tatt til følgje, vil dokumentet bli opna for innsyn. Dersom ikkje, vert klagen sendt over til Fylkesmannen i Sogn og Fjordande for endeleg avgjerd», skriv ordføraren.


- Ikkje siste ordet

Komunestyremedlem Arne Glenn Flåten meiner siste ordet i saka ikkje er sagt.


- Eg oppfattar brevet slik at rådmann og ordførar ikkje ønskjer at me skal få innsyn i rapporten, men eg vil ikkje gje meg. Dette luktar det eit ekstraordinært kommunestyremøte av. No må kommunestyrerepresentantane spørja seg sjølve om kven som bestemmer, om det er rådmannen eller politikarane, seier Flåten. Han seier han føler at tida no er inne for å leggja alle korta på bordet.


- Er det gjort noko gale, må det koma fram. Er det ikkje gjort noko gale må også det fram i lyset, seier Høgre-representanten som poengterer at han no uttalar seg som folkevald, ikkje på vegner av partiet.


Til Fylkesmannen

I orienteringa til kommunestyret skriv ordføraren at vedtaket kan klagast på. Det har Flåten alt gjort.


- Eg har klaga dette til Fylkesmannen. Så får me sjå kva svar eg får, seier Flåten.


Les meir om: Nyhende Politikk Sogndal

Siste saker Gå til framsida