DÅRLEG SIKRING: Platebunken på biletet veg cirka 11 tonn og er sikra med berre tre stropper. (Foto: Statens vegvesen)

Gav sviande gebyr for kraftig overlast og dårleg sikring

Publisert 07.03.2018 kl. 16.25.

Statens vegvesen gjennomførte kontroll på Håbakken onsdag. Der kom mellom anna eit utanlandsk vogntog inn til kontroll med løfta boggi.


Dette resulterte i at drivaksel vart vegen til 17.800 kilo, og det vart dermed gitt eit overlastgebyr på 46.150 kroner som må betalast før vogntoget får køyra vidare. Køyretøyet hadde køyrt ein lang distanse med løfta boggi fordi at føraren ikkje har kunnskap nok om køyretøyet.


Ein utanlandsk førar vart også meld for dårleg sikra gods på tralla. Han hadde ein stålplatebunke på 11.000 kilo plassert midt på planet, og dei var sikra med berre tre overfallssurringar. Dette vogntoget fekk også eit overlastgebyr på 2.450 kroner.


I kontrollen var det også skrive ut på bombrikkegebyr på 8.000 kroner. Ein lastebil vart avregistrert for manglande utført periodisk kontroll, og eit vogntog fekk tekniske manglar på sprukken frontrute og bremser. 

(Illustrasjonsfoto)

Les meir om: Nyhende Lærdal Trafikk

Siste saker Gå til framsida