Aina Drage er tilsett som mobbeombod i Sogn og Fjordane. Stillinga er nyoppretta og hadde 18 søkarar. (Foto: Privat/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Fylket har fått mobbeombod

Aina Drage frå Høyanger er tilsett som mobbeombod i Sogn og Fjordane frå 6. august.

Publisert 20.07.2018 kl. 06.30.

Dette skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.


- Ein viktig del av jobben min til å byrja med vil vera å gjera meg kjend og tilgjengeleg blant born og foreldre som opplever utfordringar med skulemiljøet, seier Drage. Ho trur det er viktig å ha nokon å snakka med som kan hjelpa med å sortera kva ein kan gjera.


- Der trur eg at eg kan bidra.


Nyoppretta stilling

18 personar søkte den nyoppretta stillinga som mobbeombod. Mobbeombodet skal bidra til at born, elevar og foreldre får teke i vare sine rettar til eit godt barnehage- og skulemiljø.


I 2017 vedtok regjeringa å oppretta ei ordning med fylkesvise mobbeombod frå hausten 2018. Stillinga i Sogn og Fjordane vart vedteken oppretta på tingsetet 17. april. Mobbeombodet går inn i fylkesrådmannen sin stab og skal samarbeida tett med elev- og læringsombodet i Sogn og Fjordane.


Allsidig bakgrunn

Drage er fødd i Narvik, men har budd det meste av livet i Sogn og Fjordane etter å ha gått lærarutdanninga i Sogndal og jobba som lærar i Høyanger i 19 år. Det siste året har ho vore rådgjevar ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, der ho har jobba med skulemiljøsaker.


- Eg har alltid vore oppteken av å skapa gode relasjonar og gode læringsmiljø for born og unge. Eg er genuint interessert i det å la folk blomstra og visa seg frå si beste side, seier ho.