UTBYGGING: Fylket får ein del av breibandskaka når tilskotsordninga for utbygging no blir lagt om. (Arkivfoto)

Fylket får over 17 millionar til breiband

Tilskotsordninga til breibandsutbygging blir lagt om.

Publisert 06.03.2018 kl. 21.18.

Sogn og Fjordane er eit av vinnarfylka når Samferdsledepartementet no legg om ordninga med statstilskot til breibandutbygging, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Den nasjonale ramma vert frå i år av fordelt og overført direkte til fylka. Det er breibanddekninga som ligg til grunn for fordelinga mellom fylka, og Sogn og Fjordane får 11,5 prosent av den nasjonale ramma på totalt 149,7 millionar kroner.

- Det er gledeleg at fordelinga av midlar no er basert på behov. Fordelen då er at me kan planlegga meir langsiktig og ikkje treng å konkurrera om ein pott med midlar nasjonalt. Fylket har rett nok kome godt ut av den tidlegare ordninga, mykje grunna eit godt samarbeid mellom fylkeskommunen, kommunane og IT-forum. Dette samarbeidet vert framleis viktig om me skal nå måla i breibandstrategien for Sogn og Fjordane, seier rådgjevar Egil Henning Ytrøy i fylkeskommunen.


Fylkeskommunane får større ansvar

Fylkeskommunen skal frå i år av prioritera prosjektsøknadar frå kommunane og innstilla for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) for godkjenning. Slik får fylkeskommunane eit større ansvar for koordinering av utbygging av digital infrastruktur enn dei har hatt tidlegare.


Omlegginga er i tråd med framlegget i rapporten «Desentralisering av oppgåver frå staten til fylkeskommunane» frå ekspertutvalet som har vurdert nye oppgåver til fylkeskommunane.


Kan få meir mobilt breiband

Det er også verdt å merka seg at mobilt breiband kan bli eit godt alternativ framover, går det fram av pressemeldinga. No vert det nemleg eit krav at breibandløysingar finansierte med tilskot frå ordninga, skal tilbydast til ein fast pris uavhengig av bruk.

Departementet poengterer òg at pris på mobilt breiband skal vere tilnærma lik prisen for fast breiband. Dette utfordrar forretningsmodellane til leverandørane av mobildata. Men det kan òg bety at mindre område som vert vurderte til å vera for dyra å bygga ut med til dømes fiber, kan få eit godt alternativ i tilbod om mobilt breiband.

Ordninga skal framleis vere teknologinøytral, men breibandtilbodet som vert finansiert med tilskot frå ordninga, skal kunne oppgraderast til minimum 100 Mbit/s i løpet av 2-3 år. Det vil sikra at det vert investert i utelukkande framtidsretta løysingar.


Les meir om: Nyhende Fylkeskommunen