- VIKTIG: Fylkesutvalet argumenterer for kvifor postombering kvar vekedag er viktig(Foto: Kai Martin Brekke)

Fylkesutvalet krev postlevering kvar vekedag

Samferdsledepartementet vil gå frå postlevering kvar dag til annankvar dag. Det meiner fylkesutvalet er ein dårleg idé.

Publisert 07.03.2018 kl. 15.24. Oppdatert kl. 16.27.

Fylkesutvalet samla seg i møtet 7. mars etter litt diskusjon om eit vedtak der dei argumenterer for kvifor postombering kvar vekedag er viktig for Sogn og Fjordane - og heile Distrikts-Noreg. Vedtaket blir sendt til departementet som høyringsfråsegn frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.


Fylkespolitikarane er særleg uroa for at færre utleveringsdagar kan gjere det vanskelegare å senda småpakkar, spesielt prøvemateriale frå legekontor og medisinar til pasientar.


Distribusjon av lokalaviser er eit anna moment fylkesutvalet trekkjer fram. Færre leveringsdagar kan skapa ekstra utfordringar for ein bransje som allereie slit, heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommune.


Må sjå utover økonomien

Fylkesordførar Jenny Følling meiner det er viktig at fylkesutvalet står samla i tilbakemeldinga si til Samferdsledepartementet. Ho er redd dei føreslegne endringane vil få store konsekvensar for både innbyggarar og næringsliv.

- Dette er ei viktig sak for heile Distrikts-Noreg. Økonomiske omsyn må ikkje vera den einaste grunnen til å gjera endringar. Me meiner omsynet til innbyggarar og næringsliv sine behov må vega tyngst. Me etterlyser politisk vilje til å gjera posttenestene meir brukarvenlege, i staden for å stadig ville redusera tenestene til folk som ikkje har andre alternativ, seier fylkesordføraren.


Digital infrastruktur

Fylkesutvalet er også oppteke av den statlege satsinga på breiband må styrkast.

Mange av områda som står i fare for å mista dagleg postombering har i dag ikkje tilfredstillande digital infrastruktur. Fylkesutvalet aksepterer ikkje kutt i postomberinga før dette er på plass, heiter det i pressemelding.


Les meir om: Nyhende Politikk

Siste saker Gå til framsida