TRYGT OG GODT: I Kyrkjebakken barnehage har fem år gamle Abenezer det trygt og godt, saman med mellom anna Mette Næss Olesen. (Foto Eli Grotle)

Fylkesårsmøtet SV: La Abenezer bli i Sogndal!

Fylkesårsmøtet til SV ber UNE la Abenezer få bu i Sogndal.

Publisert 11.02.2018 kl. 16.07.

I resolusjonen vedteken av årsmøtet i helga heiter det at SV beklager nedlegging av Sogndal statlege mottak, og er særleg bekymra for Abenezer, 5 år, som bur på mottaket i lag med foreldra og to søsken, og som no må flytte og kan risikere å bli sendt ut av landet..


«Han har i dag eit godt opplegg i barnehagen med oppfølging av helsepersonell som kjenner guten godt. Til hausten skulle Abenezer byrje på skulen i Sogndal. Sogndal kommune har allereie jobba i fire månader med tilrettelegging av skulegongen for femåringen. Ei flytting av Abenezer vil kunne få katastrofale følgjer for guten og hans familie, og det vil vere eit brot på barnevernkonvensjonen.

FYLKESSTYRET: Vedlagt ligg bilde av fylkesstyret. F.V. Steinar Øydvin, Gaute Losnegård, Joakim Janninge, Vibeke Johnsen, Eldrid Skudal, Jeffrey Meijer og Vigdis Heimdal Reksnes. Ikke tilstades når bildet ble tatt: Ann Kristin Førde, Åsmund Berthelsen, Kari Bergset. (Foto: Privat)

Humanitært grunnlag

Sogndal statlege mottak har over tid opparbeida eit godt samarbeid med vertskommunen Sogndal, og med lag, organisasjonar og einskildpersonar som medverkar til god inkludering og læring mellom folk.


Historia til Abenezer er eit godt døme. Mottaket har dessutan medverka til eit mangfald Sogndal har godt av, og det har gjeve kommunen arbeidsplassar og bygd opp høg kompetanse i inkludering av bebuarar med ulik bakgrunn.


SV meiner at utryggleiken med nedlegging av mottaket i Sogndal styrkar grunnlaget for å gje Abenezer opphald på humantitært grunnlag. Vi ber UNE late Abenezer og familien bu i Sogndal sjølv om dei formelt vert flytta til eit anna mottak, fram til UNE har behandla saka på nytt. SV ventar då at barnekonvensjonen blir fulgt og at Abenezer får innvilga opphald på humanitært grunnlag.


Diagnose

SV krev at diagnoselista som vert nytta i samband med å gje opphald på humanitært grunnlag vert oppjustert med diagnosar som særskilt gjeld barn, til dømes alvorleg barneautisme», skriv Sogn og Fjordane SV i resolusjonen


Siste saker Gå til framsida