Fv. 152 blir ikkje opna etter ras onsdag

Publisert 24.01.2018 kl. 08.40. Oppdatert kl. 09.28.
Det har gått eit snøskred over fylkesveg 152 mellom Ulvestad og Menes i Balestrand. Skredet har gått ved Alstokka, opplyser Vegtrafikksentalen.
 
Vegen er stengd, og vil ikkje bli opna att onsdag. Det blir ny vurdering av situasjonen klokka 10 torsdag.
 
- Det er fleire rasløp på den strekinga, og har det gått eitt, er det stor sannsynlegheit for at det kjem fleire, seier Jan Erikstad på Vegtrafikksentralen.
 
Meldinga om skredet kom like etter klokka 7 tysdag morgon.