BRANN: Det er full utrykking til ein skogbrann i Feios. (Foto: Ørjan Talle)

Full utrykking til skogbrann i Feios

Det er full utrykning til ein skogbrann i emning mellom Feios og Borlaug.

Publisert 13.07.2018 kl. 15.15. Oppdatert kl. 15.19.

- Me fekk melding om brannen klokka 14.27, opplyser Roy Humlestøl ved Alarmsentralen.


Han seier brannen har oppstått i eit særs utilgjengeleg terreng.


- Det er ikkje lett å få inn mannskap og utsyr der, seier han, og stadfestar at helikopter er rekvivert. Truleg er denne brannen ein skreddarsydd jobb for sløkking frå lufta.


Roy Humleståø opplyser at brannstellet i Vik er i gang med å ta seg fram til staden. Han opplyser også at Sogn brann og redning er i beredskap. Brannen er godt synleg frå nordsida, Leikanger, og alarmsentralen for telefonar så det held frå den folkerike bygda 4-5 kilometer over fjorden.


Klokka 17.30 er det ikkje lenger røyk å sjå frå området, fortel augevitne, men heikopter driv med ettersløkkjing. 


Klokka 18.45 får Sogn Avis opplyst at helikopteret har teke pause i sløkkinga og at mannskap skal sjekka terrenget til fots før ein tek avgjerd om vidare sløkking. 


 


 


 


Les meir om: Nyhende Vik

Siste saker Gå til framsida