VENTAR: Dagsturhytta i Leikanger har venta på kaien ei tid. Onsdag skal hytta løftast opp til tomta aust for Syril-hytta på Kleppa. (Foto: Mariann Skau)

Full fart for dagsturhytter

Sju hytter skal på plass på fire dagar.

Publisert 09.09.2018 kl. 14.59.

Nokre få kommunar i Sogn har fått på plass dagsturhyttene sine. No kjem dei andre etter. Og dei kjem nesten samstundes.


Komande veke skal sju dagturhytter plasserast ut.


Tysdag blir hyttene i Årdal, Lærdal og Aurland plasserte ut.


Onsdag er det hyttene i Leikanger og Sogndal sin tur.


Torsdag skjer det i Balestrand og dagen etter i Høyanger.


Dagsturhyttene er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve. I løpet av 2018 skal alle kommunane i fylket ha ei eiga dagsturhytte.


Siste saker Gå til framsida