Første snøfallet ned i fjøresteinane

Tysdag vakna folk til full vinter i Gaupne. Frå grøn plen om kvelden til 10-15 cm kvitt teppe om morgonen.

Publisert 14.11.2017 kl. 14.07. Oppdatert kl. 14.11.

Det er alltid spesielt med det første snøfallet heilt ned i fjøresteinane. Dei høgareliggande dalføra i kommunen har allereie hatt snø, og fleire har testa skia i Leirdalen.


Men det vert ikkje langvarig i låglandet skal me tru metereologane. Allereie onsdag er det meldt litt mildare ver, og bygene kjem då kanskje som regn.


I fjellet kjem nedbøren som snø.


Til helga kan det sjå ut som det vert kaldt og klart ver, melder metereologen.


I bildeserien øvst i denne saka kan du sjå bilete av snøen i Sogn tysdag


 


 


Siste saker Gå til framsida