SNART KLARE: Dei første dagsturhyttene er snart på veg til Sogn og Fjordane. Her frå byggeprosessen hjå Reknes byggevare i Masfjorden. (Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Første dagsturhytta opnar i desember

26 like dagsturhytter skal på plass i Sogn og Fjordane i løpet av dette året og neste.

Publisert 08.11.2017 kl. 14.42. Oppdatert kl. 14.44.

Åtte vert monterte i haust, og 8. desember opnar den første - i Trivselsskogen på Sandane, opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding.

Dei andre fem hyttene som blir monterte i haust - i Jølster, Luster, Leikanger, Flora og Eid - blir opna for publikum til våren.


For alle

Målet med dagsturhyttene er at fleire skal koma seg ut på tur. Samstundes skal alle hyttene ha eit nynorsk turbibliotek, som skal stimulera til leselyst og syna fram nynorske bøker.

Les òg: Slik blir dei nye dagsturhyttene

Prosjektet såg dagens lys i 2016, då Sparebankstiftinga og fylkeskommunen lanserte ideen for kommunane og fekk overveldande positiv respons, skriv fylkeskommunen.

- Det har gått kort tid frå idé til realisering i dette prosjektet. Både kommunane og andre har jobba raskt og godt med finansiering, avtalar med grunneigarar, formelle søknadar og alt anna. No blir det spennande å sjå hyttene ute i terrenget og ikkje minst kva mottaking dei får, seier Atle Skrede i fylkeskommunen.


Lågterskeltilbod

Dagsturhyttene blir i hovudsak finansierte med spelemidlar, med pengar frå Sparebanken Sogn og Fjordane og ved momsrefusjon. Dei skal vera eit lågterskeltilbod for turgåarar, ein stad for å eta nista si, byta kle og få litt varme i seg. Fleire av kommunane vil i tillegg byggja ein utedo i tilknyting til hytta.

- Me vil gjera det enklare for folk å koma seg ut på tur, noko som er bra for både trivsel og folkehelse. Det er også ei flott merkevarebygging for Sogn og Fjordane, som blir det første fylket med godt merka hytter på sentrumsnære, etablerte turmål i kvar kommune. No er det viktig å få ut informasjon om hyttene og prøva å få opp turaktiviteten blant folk i fylket, seier Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga.


Turbibliotek

Fylkesbiblioteket står bak dei nynorske turbiblioteka, som er del av dagsturhytteprosjektet. Nasjonalbiblioteket har løyvd 400.000 kroner til prosjektet i år, og Fylkesbiblioteket har søkt om tilsvarande sum neste år. Målet er å skapa aktivitet og stimulera til bruk av hyttene og turbiblioteka.

- Kombinasjonen kultur og fysisk aktivitet er flott, og noko me har lyst å utforska vidare. Turbiblioteka gir oss ein unik sjanse til å stimulera til leselyst og syna fram bøker på nynorsk. Ved å flytta bøkene ut til folk, treffer me publikum på nye arenaer. Om me når nokre av dei som kanskje ikkje er vande med å lesa så mykje med barna sine i ein hektisk kvardag, så er det ekstra flott, seier Siv-Merethe Hatlem i Fylkesbiblioteket.

Fylkesbiblioteket legg mellom anna opp til forfattarbesøk og teaterframsyningar i eller ved hyttene. Hyttene skal vera sosiale møteplassar i naturen, som også kan nyttast som til dømes konsertarenaer for Den kulturelle skulesekken.


Helikopter

Hytta er teikna av Rojo arkitekter i Trondheim og blir bygd av Reknes byggevare i Masfjorden. Dei har no seks hytter som straks er ferdige, i verkstaden sin. Snart startar dei demontering av hyttene, lastar dei på båt, og så set hytter og montørar kursen mot Sogn og Fjordane.

Les òg: Mange ville teikna dagsturhytta

Hyttedelane blir lasta i land så nært hyttetomtene som mogleg og så frakta vidare med helikopter det det er ikkje er bilveg fram til tomta. Det gjeld mellom anna hytta i Gloppen, som skal liggje på staden Draumekvila i Trivselsskogen på Sandane. Hytta i Luster derimot, skal liggja ved sjøen, og blir skipa heilt fram til endeleg destinasjon, opplyser fylkeskommunen.

Sjølve monteringa skjer siste veka i november.


Les meir om: Nyhende Natur og miljø

Siste saker Gå til framsida