BLINK: No skal fire nye skilt monterast på utsette strekiningar i fylket. (Foto: Norsk Hjortesenter)

Færre påkøyrsler med nye skilt

Dynamiske hjorteskilt ser ut til å ha ein effekt. No skal fire nye slike skilt på plass i Sogn og Nordfjord.

Publisert 13.09.2017 kl. 14.49.

I byrjinga av februar 2017 blei «dynamiske fareskilt for hjort» sett i drift på strekningar i Erdal, Brandsøy og Alvera der dei lenge har hatt utfordring med mange hjortepåkøyrsler.


 


Færre påkøyrsler

Tal hjortepåkøyrsler på desse strekningane etter at skilta vart sett opp, samanlikna med året før, syner at talet har gått ned. Fram til utgongen av mai vart det berre registrert ein påkøyrsel på desse strekningane. For same perioden i 2016 var det registrert i alt 11 påkøyrde hjortar på dei same strekningane, heiter det i ei pressemelding frå Norsk Hjortesenter. Den eine påkøyringa var på Alværa like etter at skiltet hadde slått seg av ein morgon.


Til kvar av dei skilta strekningane er det knytt ei kontrollstrekning. Når ein samanliknar med kontrollstrekningane og alle registrerte påkøyringar i dei kommunane der ein har skiltstrekningar, ser det ikkje ut til at det har vore ein generell nedgong i talet på hjortepåkøyrsler i perioden, vert det opplyst.


Sogndal og Lærdal

- Dette er førebelse tal og for eit kort tidsrom, men det ser ut som om skilta har hatt positiv effekt, heiter det i pressemeldinga frå hjortesenteret. Dei dynamiske fareskilta har varselblinkarar som slår seg på når faren for påkøyringar er stor. Dette vert styrt av ein datamodell utarbeidd med bakgrunn i statistikk frå tidlegare påkøyringar. No skal slike skilt også koma på plass på Valeberg i Sogndal, Eriflata i Lærdal, Naustdal i Eid og Kyrkjeeide i Stryn.


Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Hjortesenter, IMSA Technology Company og Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Statens Vegvesen står for hovudfinansieringa av prosjektet og i tillegg bidreg dei kommunale viltfonda i kommunane med skilta strekningar.


Siste saker Gå til framsida