FLEIRE KONTROLLAR: Statens vegvesen varslar fleire bilbeltekontrollar av busspassasjerar (Foto: Statens vegvesen)

Færre brukar belte på bussen - no blir det kontrollar

9 av 10 veit det er påbode å festa beltet i bussen. Likevel går beltebruken ned.

Publisert 31.08.2018 kl. 09.34.

No startar Statens vegvesen igjen med nasjonale beltekontrollar i buss. 


- Setebeltet er livreddar nummer ein, i buss som bil. I bussen kan konsekvensane bli fatale dersom det skjer ei ulukke og passasjerane sit usikra, seier Ida Bergene Kongsrud i Statens vegvesen i samband med bilbeltekampanjen. 


Kontrollar over heile landet

Frå måndag 3. september vil det vera kontroll av beltebruk i bussar over heile landet. 


Statens vegvesen melder at dei håpar å sleppa å skriva ut eitt einaste gebyr. 


Ei spørjeundersøking viser at bruken av bilbelte i buss har gått noko ned, frå 81 prosent i vår til 74 prosent som no oppgir at dei i "stor grad" brukar belte i buss. 


Statens vegvesen meiner at årsaka definitivt ikkje er manglande kunnskap, då heile 9 av 10 opplyser at dei er kjende med beltepåbodet.


- I bilen grip dei fleste av oss automatisk etter beltet i det me set oss. Men denne vanen er førebels ikkje heilt etablert i bussen. Bruk belte kvar gong du kan, både for eigen og andre sin tryggleiken, oppmodar Kongsrud. 


Å gløyma det eller skulda på gammal vane er dei hyppigaste årsakene til at folk lèt vera å bruka beltet. 


Busspassasjerar oppgir sjølv at fleire kontrollar og påminningar frå sjåføren vil bidra til auka bruk. 


Ung er dårlegast

Unge i alderen 15-29 år tek mest buss og er også dei dårlegaste beltebrukarane. Men ifølgje vegvesenet er haldningane i ferd med å snu og stadig færre meiner det er sosialt akseptert å ikkje bruka belte i buss. 


- Ta omsyn til dei du reiser saman med og bruk belte når det er belte i bussen. Beltet held deg på plass i setet slik at du ikkje er til fare for dei du reiser saman med i ein bråstopp. Ein så enkel konstruksjon som det, har redda og vil framleis redda mange liv, seier Kongsrud. 


Les meir om: Nyhende Samferdsle Ung

Siste saker Gå til framsida