ROLEG: Slik såg det ut på Hemsedalsfjellet klokka 10.15 onsdag.(Foto: Vegkamera, Statens vegvesen)

Fritt fram på nær alle fjellovergangane

Uvêret har sleppt taket. No er det fri ferdsel på alle fjellovergangane.

Publisert 27.12.2017 kl. 10.35. Oppdatert kl. 10.36.

- Det verste uveret er over. Framover trur eg ikkje det blir så gale, seier Reger Nedberge Hille på vegtrafikkstasjonen i Lærdal.


Fri ferdsel

Klokka 10.15 onsdag kunne vegtrafikksentralen melda om fri ferdsel på alle fjellovergangane til og frå fylket vårt, med eitt unntak.
- På riksveg 13 over Vikafjellet er det framleis kolonnekøyring, når den kan opna for fri ferdsel er enno uvisst. På dei andre fjellovergangane er det fritt fram, seier Hille. Like før klokka 14.00 onsdag melde vegtrafikksentralen at riksveg 13 var ipna for fri ferdsel.


Stabilt

Vêrmeldingane for dei komande dagane er godt nytt for både trafikantane og brøytemannskapa.
- Det ligg at me skal få stabilt vintervêr, i alle fall fram til fredag, seier Hille. Han har onsdag føremiddag heller ikkje fått melding om glatte vegar i låglandet i Indre Sogn.
 


Les meir om: Nyhende Trafikk

Siste saker Gå til framsida