FAGDAG: Susanne Boucher deltek på fagdagen under Sogndal Filmfestival. (Pressefoto)

Frikjent-Helene kjem til festival

- Me er veldig stolte av å presentera Susanne Boucher som vår første gjest og føredragshaldar ved Sogndal Filmfestival 2017, seier festivalsjef Sunniva Breidvik.

Publisert 25.01.2017 kl. 13.51.

Skodespelar Susanne Boucher (19) er mest kjend for rolla som Helene Hansteen i to sesongar av krimdramaserien "Frikjent", som mellom anna vart spelt inn i Årdal og Lærdal.


Boucher debuterte som skodespelar i rolla som Mari i «Keeper'n til Liverpool» i 2010. Ho har også spelt Cecilie i «Beatles» (2014) og hatt ei lita rolle i VGTV-serien «Kasim Bæder».

ARRANGERER FESTIVALEN: Framme frå venstre: Ingeborg Flatjord Kjøsnes, Frida Jordalen Skoglie, Veronika Vindedal og Sunniva Breidvik. (Pressefoto)

Lovar fleire

Fredag 24. mars kjem ho til Sogndal for å delta på fagdagen til Sogndal Filmfestival. Her kjem ho til å fortelja om filmkarrieren sin, om innspelinga av «Frikjent», og om kva som gjekk føre seg i kulissane. Fagdagen vert i Sogndal Kulturhus, og Boucher får selskap av fleire andre føredragshaldarar.
 
- Me har framleis fleire kjende namn som me skal presentere etterkvart, seier Sunniva Breidvik.
 
I fjor vitja blant andre TV-aktuelle Leo Ajkic og filmregissør Erik Poppe festivalen, som vert arrangert av avgangsklassen i medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule.


Senda inn filmar

Susanne Boucher vert også å treffa på gallakvelden 23. mars. Her blir det raud løpar og prisutdeling med prisar i mange forskjellige kategoriar. Gallakvelden har også underhaldningsinnslag og enkel servering, og arrangørane lovar ein kjekk kveld for både unge og vaksne, heiter det i ei pressemelding.
 
Sogndal Filmfestival tek mål av seg til å visa fram det beste av ung, vestlandsk kortfilm og ønskjer seg fleire filmar til konkurransen. Fristen for å sende inn er 23. februar, og øvre aldersgrense for å senda inn film er 28 år.
 
- Du kan melda deg på så mange kategoriar du vil, med så mange filmar du ønskjer, fortel marknadssjef Magnus Førde.


Les meir om: Nyhende Kultur Ung Utdanning