Fri ferdsel etter trafikktrøbbel på fjellet

Publisert 10.11.2017 kl. 10.13.

To vogntog køyrde seg fredag morgon fast ved Borlaug på riksveg 52 opp mot Hemsedalsfjellet. Det vart meldt om glatt vegbane på staden og fleire køyretøy stod litt på «kryss og tvers», melder politiet.


Då patruljen frå politiet kom til fram, var det eitt vogntog som stod fast. Resten hadde køyrt frå staden.


Sjåføren jobba med å få lagt på kjettingar.


Like etter klokka 10 melder Vegtrafikksentralen at det er fri ferdsel på staden etter bilberging. Det vert opplyst at større køyretøy bør ha kjettingar.


 


Les meir om: Nyhende Notis Lærdal Trafikk

Siste saker Gå til framsida