MISTILLIT: Karin Vikane og Høgre fremja mistillitsforslag mot rådmannen i kommunestyremøtet.

Fremja mistillitsforslag mot rådmannen

Framlegget kom uventa på rådmann Jostein Aanestad. Sjå opptak av kommunestyremøtet.

Publisert 16.02.2017 kl. 16.41. Oppdatert kl. 21.13.

Karin Vikane og Høgre gjekk torsdag på kommunestyret sin talarstol og erklærte at rådmannen ikkje lenger har deira tillit.


Men mistillitsforslaget fekk ikkje fleirtal i kommunestyret.


Bakgrunnen er Sogndal kommune si handtering av eigedomsskattsaka i fjor.


Opposisjonspartia KrF, Høgre og Frp leverte i forkant av kommunestyremøtet ein konkret interpellasjon om handtering av eigedomsskattsaka i fjor. Ei handtering dei meiner både gjorde mange politikarar fortvila og dessutan gav kommunen eit dårleg omdøme langt utover kommunegrensene. Dei meiner innbyggjarane i Sogndal kommune fortener ei orsaking frå ordførar og rådmann.


I interpellasjonen stiller dei mellom anna spørsmål om det er utført lovlegheitskontroll av arbeidet i høve takst til eigedomsskatt av eigedommar i Sogndal kommune frå 2005-2016? Om ikkje det er gjort bed dei om at det vert gjort. Men kanskje det viktigaste spørsmålet, som heller ikkje kontrollutvalet fekk eit klart svar på var kven som faktisk forma ut dette anbodet.



Ikkje nøgde med svaret

Ordføraren svara på spørsmåla i interpellasjonen. Jarle Aarvoll innrømma at kommunen kunne ha handtert saka på ein betre måte.

- Me kom til ein situasjon der innbyggjarane følte sinne og frustrasjon. Det beklagar eg på det sterkaste. Dette er noko me må ta lærdom frå, sa han.

Rådmann Jostein Aanestad innrømma også at mykje i denne prosessen kunne vore gjort annleis. Han sa mellom anna at dei skulle ha sørja for betre overføring av kompetanse frå den gamle nemda til den som som skulle ha ansvaret for fastsetting av takst.

Opposisjonspartia var ikkje nøgde med svara og bad om gruppemøte på gangen. I etterkant av dette gjekk Karin Vikane på talarstolen og fremja, på vegne av Høgre mistillitsforslag mot rådmann Jostein Aanestad.
- Eg veit at dette ikkje blir godt motteke, iallefall ikkje i dette kollegiet. Men av respekt for innbyggjarane og vårt eige samvit så kjem eg ikkje utanom det eg no seier, sa Karin Vikane.

Etter at mistillitsforslaget var kome på bordet gjekk kommunestyret igjen til gruppemøte før dei kom attende til kommunestyresalen.


Avrøysting

- Dette er slik ein les om, men ikkje håpar ein kjem bort i, sa ordføraren.


Han råda så kommunestyret til å votera over mistillitsforslaget.


Mistillitsforslaget fekk fire røyster (Høgre) og fall.


Karin Vikane (H) fremja forslaget på vegne av Høgre, men er ikkje overraska over at dei ikkje fekk støtte frå dei andre partia.


- Det var eigentleg som venta, seier ho.


Høgre meiner rådmannen si handtering av saka er eit grovt fullmaktsbrot og at verken dei som politikarar eller innbyggjarane blir tekne på alvor.


- Det sit langt inne å gå så langt som mistillitsforslag, men me følte ikkje me hadde noko anna val. Det er gjevne så mange sjansar til å svara skikkeleg i denne saka, noko som enno ikkje er gjort. Me føler me ikkje blir tekne på alvor, seier ho.


Om Høgre vil klaga på vedtaket har partiet ikkje teke stilling til enno.


Rita Navarsete og Frp var med på interpellasjonen, men støtta ikkje mistillitsforslaget frå Høgre. 


- Me syntes svara frå rådmannen, og at han la seg flat var eit godt nok svar i denne saka, seier Navarsete.


Uventa

Mistillitsforslaget kom uventa på rådmann Jostein Aanestad.

- Dette er ikkje kvardagskost. Det er første gong eg opplever det på mine 16 år i Sogndal kommune. Men når det er slik at nokon ikkje har tillit til rådmannen er det greit at det blir fremja mistillitsforslag, seier han.
Aanestad legg ikkje skjul på at han hadde sett pris på å bli varsla om det på førehand. Noko også ordføraren peika på under møtet.

- Men eg vel å leggja meir vekt på dei 21 representantane i kommunestyret som har tillit til meg enn dei fire som ikkje har det, seier Aanestad.

- Kva tenkjer du om at Høgre framleis meiner at det ikkje er svarar godt nok på spørsmåla i saka?

- Me har svara så langt som mogleg og innrømma at fleire forhold burde har vore annleis enn dei har vore og at dette er noko me må ta lærdom av, seier Aanestad.

Kontrollutvalet har ferdigbehandla saka. Vedtaket blir sendt over til kommunestyret i neste møte.


Les meir om: Nyhende Politikk Sogndal

Siste saker Gå til framsida