REDAKTØR: - Me håpar avisa blir teken godt imot av lesarane, seier redaktør Svein Olav B. Langåker. (Foto: Framtida junior)

Framtida junior med førsteopplag på 57000

Nynorsk storsatsing for barn over heile landet. Sogn Avis er med.

Publisert 03.11.2017 kl. 09.56.

Verdas første nynorske avis for barn kjem denne helga ut i nesten 57.000 postkassar. Avisa blir distribuert til alle dei som allereie har teikna abonnement og som istikk i Hallingdølen, Hordaland og Sogn Avis. Avisa går òg ut i stordistribusjonen til Sunnhordland og Os og Fusa saman med avisa der.
- Me i redaksjonen håpar avisa blir tatt godt i mot av lesarane. Papiravisa vil koma ut kvar 14. dag, med neste utgåve 17. november. Avisa går då ut til abonnentane våre, og til enkelte laussalsstader, seier redaktør Svein Olav B. Langåker.
Utgjevar er Landssamanslutninga av nynorskkommunar, i eit nært samarbeid med ABC Startsiden, Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis og Sunnhordland.
- Eg er veldig glad for at me har med oss landets beste lokalaviser på denne viktige nynorske satsinga, seier Langåker.

STORT OPPLAG: Framtida junior kjem i helga ut i nær 57.000 postkassar. (Foto: Framtida junior)

Les meir om: Nyhende Ung

Siste saker Gå til framsida