Framleis betre resultat i sidemål

Det er jamt over gode resultat på eksamen i grunnskulen våren 2018.

Publisert 05.07.2018 kl. 09.58. Oppdatert kl. 10.17.

 

Fylkesmannen melder at eksamensresultata viser framgang i matematikk og norsk hovudmål.

Dei førebelse resultata etter eksamen i dei skriftlege eksamensfaga syner at elevane i Sogn og Fjordane, samanlikna med dei andre fylka, har jamt gode resultat. Spesielt i matematikk og norsk sidemål der resultatet er mellom dei beste i landet.

Fylkesmannen skriv at i norsk hovudmål ligg elevane også i år under landssnittet, men det er ein liten framgang frå i fjor. Det er framleis grunn til å stilla spørsmål om kvifor elevane i Sogn og Fjordane har skilnad i kompetansen i hovudmål og sidemål.

Les også: Oppmoda skulane til nynorskdebatt

 


Betre enn i fjor

Årets karakterar (fjoråret i parantes)


Engelsk 10. årssteg, skriftleg: landet 3,7 (3,7) Sogn og Fjordane: 3,7 (3,7)


Matematikk 10. årssteg landet 3,6 (3,3) Sogn og Fjordane: 3,8 (3,5)


Norsk hovudmål 10. årssteg, skriftleg: landet 3,6 (3,5) Sogn og Fjordane 3,4 (3,3)


Norsk sidemål 10. årssteg skriftleg: landet 3,4 (3,3) Sogn og Fjordane: 3,6 (3,6)


Les meir om: Nyhende Notis Ung Utdanning

Siste saker Gå til framsida