Slik ser det ut ved bommen i Hola på sørsida av Vikafjellet fredag føremiddag. (Skjermbilete frå webkamera/Statens vegvesen)

Får ikkje bli med om du har sommardekk

Publisert 21.04.2017 kl. 10.15.

På riksveg 13 over Vikafjellet er det fredag føremiddag kolonnekøyring på grunn av uvêr.


Køyretøy med sommardekk får ikkje bli med i kolonne over fjellet, opplyser vegvesenet.


Vegen over Vikafjellet var torsdag stengd grunna fare for skred. Vegvesenet jobba med å få løyst ut skredet, men gav til slutt opp og opplyste at vegen ikkje ville bli opna den dagen. Men då dei hadde gitt opp og skulle pakka saman, gjekk skredet. Dermed vart vegen likevel opna torsdag kveld, opplyser Vegtrafikksentralen.


Vegen vart stengd att natt til fredag grunna uvêr, og opna for kolonnekøyring i 09.30-tida.


Fylkesveg 53 Tyin-Årdal er stengd grunna uvêr.


På riksveg 52 over Hemsedalsfjellet vert det meldt om vanskelege køyreforhold. Her kan det blir innført kolonnekøyring på kort varsel. Det gjeld også på fylkesveg 50 Hol-Aurland.


Oppdatert vegmelding frå Statens vegvesen finn du her.


Siste saker Gå til framsida