OVERSYN: NVE har laga skredfarekart for ulike område i Sogndal kommune. (Foto: Skred AS)

Får betre faresonekart

NVE har overlevert kart for fleire område i Sogndal kommune.

Publisert 19.05.2017 kl. 11.00. Oppdatert kl. 11.03.

Sogndal kommune får no betre og meir presise kart som gjev oversyn over skredfare i utvalde område med busetnad, opplyser NVE i ei pressemelding.


NVE overleverte karta 19. mai. Alle vurderte skredtypar gjev utfordring i høve busetnader.


Det er utarbeidd faresonekart for områda Kjørnes, Loftesnes, Ylvisåker-Skardsbø-Øvstedal, Stedje-Skjeldestad, Selseng-Litlabø, Mundal, Kongaberg og Bergi.


- Kartlegginga gjev oss ny kunnskap om skredutfordringane i Sogndal. Me ser mellom anna at det er mange bygg som ikkje tilfredsstiller dagens krav til sikkerheit mot skred, seier Brigt Samdal, regionsjef i NVE.


Karta skal vera enkle i bruk og tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred. Faresonene for kvar aktuell skredtype er også teikna saman inn i kartet, slik at kommunen berre treng å halda seg til ei skredsone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.


- Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdera sikringstiltak og for bruk i lokal skredberedskap, seier Samdal.


Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta resultata i eigne verktøy saman med andre kartdata.


Les meir om: Nyhende Sogndal

Siste saker Gå til framsida