DELTEK: Wenche Voll skal saman med dotter Andrea Voll Voldum fortelja om arbeidet i stiftinga «Vi tror deg». (Arkivfoto)

Fortel om arbeidet med #vitrordeg

Andrea Voll Voldum og Wenche Voll deltek under 8. mars markeringa i Sogndal.

Publisert 08.03.2018 kl. 10.01. Oppdatert kl. 10.03.

#metoo er ei veldig kraft som skal endre korleis me er med og mot kvarandre, og som gjer alle merksame på samfunnsstrukturar som til no har tillate seksuell trakassering av kvinner, skriv arrangørane i ei pressemelding.


Arrangementet blir på Kafe Krydder med open kafé. Inngangspengar er frivillig, men det som kjem inn skal gå til stiftinga «Vi tror deg».


Programmet for kvelden ser slik ut:


#metoo og rettstryggleiken for kvinner i Noreg ved Bente Øien Hauge.


Andrea Voll Voldum og Wenche Voll fortel om arbeidet i stiftinga #vitrordeg


Internasjonal appell ved Trude Ramstad.


Loddsal til inntekt for Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane.


Arrangør er 8. mars-aktivistar i Leikanger, Lærdal og Sogndal


Les meir om: Nyhende Sogndal

Siste saker Gå til framsida