LANGVARIG INNSATS: Hilde Bjørkum fekk folkemusikkprisen under fylkeskappleiken i Sogndal (Foto: Silje Drevdal)

Folkemusikkpris til Bjørkum

- Få personar har markert seg innanfor folkemusikken i fylket som Hilde Bjørkum.

Publisert 04.03.2018 kl. 11.50.

Det slår grunngjevinga frå Sogn og Fjordane folkemusikklag fast. Dei delte ut prisen under Fylkeskappleiken i Sogndal i helga. 


På imponerande vis har årets prisvinnar behalde iveren for den lokale folkemusikken samstundes med sitt store nasjonale og internasjonale engasjement og prisvinnaren evnar å arbeida for og formidla folkemusikkglede på både amatør- og profesjonelt nivå, heiter det i grunngjevinga. 


Folkemusikkprisen er ei heidersutmerking og blir delt ut annakvart år til ein person, lag eller organisasjon som har gjort ein særleg innsats for folkemusikken i fylket. Prisen vert delt ut av Sogn og Fjordane Folkemusikklag og består av eit litografisk trykk av Ludvig Eikaas.


Festivalsjef i ei årrekkje

Bjørkum er opprinneleg frå Årdal og var første tilsette sekretæren i Sogn og Fjordane folkemusikklag og på slutten av 80-talet var ho den første folkemusikkarkivaren i fylket. 


Sidan 1989 har ho, med få avbrot, vore dagleg leiar/direktør for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival. 


Aktiv hardingfelespelar

Bjørkum har spelt hardingfele i Indre Sunnfjord Spelemannslag heile sitt vaksne liv og vore ein aktiv dansar. 


På 1980- og 90-talet var ho med på fleire turnear for Rikskonsertane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Hedmark. Ho har vunne Landskappleiken i dans hardingfele klasse A fleire gonger og har kongepokal. 


På 90-talet arbeidde ho eit år som fylkesmusikar i Sogn og Fjordane og har fått fleire prisar for innsatsen sin innan folkemusikk og folkedans. 


- Sett Sogn og Fjordane på kartet

I grunngjevinga heiter det vidare at som direktør for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival har Hilde Bjørkum sett Sogn og Fjordane og Noreg på kartet. 


Kvart år vert om lag 300 artistar frå heile verda presenterte frå 30 scener for om lag 26.000 besøkande kvart år. 


"Ho har gjeve mange unge og talentfulle folkemusikkutøvarar moglegheit til å syna seg fram for eit kompetent publikum og synt stor kreativitet til å utvikla og fornya festivalen. Hilde går no inn i sin siste periode som festivaldirektør og me er derfor ekstra glade for å kunna heidra ho no", heiter det i grunngjevinga.