- Me er veldig stolte over alle som arbeider på bussar, båtar og ferjer i fylket vårt, seier rådgjevar i samferdsleavdelinga i fylkeskommunen, Tove Berget. (Arkivfoto)

- Me har dei beste i landet

Bussjåførar og mannskap på båt og ferjer i Sogn og Fjordane kjem best ut i ei landsomfattande spørjeundersøking.

Publisert 16.02.2017 kl. 21.10.

- Me er veldig stolte over alle som arbeider på bussar, båtar og ferjer i fylket vårt. Dei skal ha oversikt over eit komplekst rutetilbod for å yta ein god service, samstundes som dei skal få dei reisande trygt og sikkert fram dit dei skal. Det er kjekt at me no får bekrefta mistanken vår om at mannskapet som arbeider med å få dei reisande kringom i fylket, er dei beste i landet, seier rådgjevar i samferdsleavdelinga i fylkeskommunen, Tove Berget.


84 prosent

Folk i heile landet har i det nye Kollektivbarometeret fått spørsmål om ulike aspekt ved kollektivtrafikk, mellom anna har dei blitt spurde om kva inntrykk dei har av personalet om bord i bussar, båtar og ferjer.


Dei spurde fekk spørsmål om personalet gir korrekte svar på spørsmål og om personalet opptrer høflig og korrekt. 84 prosent av dei spurde i Sogn og Fjordane seier at dei er nøgde med «personalets opptreden», og dette er høgaste skår i heile landet. Snittet for resten av landet ligg på 73 prosent, vert det opplyst i ei pressemelding frå fylkeskommunen.


Webundersøkingar

Kollektivtrafikkforeningen, som er ein nasjonal bransjeorganisasjon for offentlege aktørar som planlegg, kjøper og marknadsfører kollektivtrafikktenester, vedtok i 2015 å oppretta eit nasjonalt kundebarometer og ein nasjonal nøkkeltalsanalyse.


Alle Kollektivtrafikkforeningen sine medlemmar har slutta seg til arbeidet. Opinion AS har fått oppdraget med å innhenta data til Kollektivbarometeret. Datainnsamlinga skjer gjennom webundersøkingar som rapporterast tertialvis, går det fram av pressemeldinga.


Les meir om: Nyhende

Siste saker Gå til framsida