- EI ÆRE: - Det er eit veldig spennande verv, og ei ære å få sitja i styret, seier Jenny Følling. (Arkivfoto)

Følling ny nestleiar i KLP

Fylkesordførar Jenny Følling er vald som ny nestleiar i konsernstyret i KLP, Noregs største pensjonsselskap.

Publisert 15.05.2018 kl. 14.45.

Følling vart vald som nestleiar under generalforsamlinga i KLP måndag 7. mai. KLP forvaltar rundt 650 milliardar kroner i pensjonspengar på vegner av kommunane, fylkeskommunane og helseføretaka.


- Det er eit veldig spennande verv, og ei ære å få sitja i styret. Eg er audmjuk for det store ansvaret som ligg der. I dag er KLP eit veldrive selskap, og det vil vera avgjerande å sikra det for framtida, seier Jenny Følling.


Følling er vald inn for ein periode på to år som representant for det politiske nivået i Kommune-Noreg. Egil Johansen, rådmann/prosjektleiar i nye Tønsberg kommune er vald som ny styreleiar etter Liv Kari Eskeland, går det fram av ei pressemelding frå fylkeskommunen.


Les meir om: Nyhende Politikk