DROPPAR REFLEKS: Heile 75 prosent av personskadane i september er påkøyrsler, men berre fem prosent av fotgjengarene som blir påkøyrde og skada brukar refleks. (Foto: Frende Forsikring)

Flest vaksne bli påkøyrde - brukar ikkje refleks

leikanger: 140 fotgjengarar og syklistar er skada i septembertrafikken dei siste fem åra. Dei fleste er vaksne menn.

Publisert 05.09.2018 kl. 07.33.

Talet på personskadar i september er høgare enn både i oktober og november, viser forsikringsbransjens statistikk for melde personskadar i trafikken, PETRAST.


- Nesten åtte av ti som er blitt skada i septembertrafikken, er fotgjengarar og syklistar over 25 år, fortel Heidi Tofterå Slettemoen, kommunikasjonssjef i Frende Forsikring.


Flest i Oslo

Statistikken for dei siste fem åra viser at ni prosent av dei skada er born under 14 år, mens 12 prosent er mellom 15 og 24 år.


Seks av ti skadde fotgjengarar og syklistar mellom 15 og 64 år er menn.


15 prosent av personskadane er registrerte i Oslo, følgt av Rogaland (8,6 prosent), Akershus (7,9 prosent), Trøndelag (6,4 prosent) og Vestfold (5,7 prosent), Hordaland og Vest-Agder (4,3 prosent), Østfold og Møre og Romsdal (3,6 prosent), Telemark og Nordland (2,9 prosent), Oppland (2,1 prosent), Hedmark (1,4 prosent). Buskerud, Troms, Sogn og Fjordane står registrert med ein personskade i kvart fylke i perioden, mens Finnmark og Aust-Agder står utan registrerte skader. I ein av tre hendingar er ikkje fylke registrert, vert det peika på ei pressemelding frå Frende Forsikring.


Overraska

- Oj, er det så mørkt allereie? Du er ikkje åleine om å bli overraska når du kjem ut frå foreldremøtet eller treninga og oppdagar at det er blitt mørkt, seier Slettemoen.


- Både låg sol og mørke som kjem brått på, kan gje dårleg sikt. Sjølv om mange synest det er vanskeleg å sjå fotgjengarar utan refleks, brukar dei det likevel ikkje sjølve, seier ho.


Heile 75 prosent av personskadane i september er påkøyrslar, men berre fem prosent av fotgjengarar som blir påkøyrde og skada bruker refleks, ifølgje tal frå Transportøkonomisk institutt.


- Reddar liv

Utan refleks er du synleg først på 25-30 meters hald, når bilen brukar nærlys.


Du ser bilen, men sjåføren ser ikkje deg.


- Mange fotgjengarar trur at når de sjølv ser bilane, ser også bilistane dei. Men på mørke haustkveldar kan det vera nesten umogleg å oppdaga gåande langs vegen, seier Paal-Gunnar Mathisen, distriktsleiar i Trygg Trafikk i Østfold.


Dette gjeld også i opplyste gater der mange trur at dei blir sett.


- Med refleks er du synleg på 140 meters hald når bilen bruker nærlys, og på 400 meters avstand når bilen brukar fjernlys, fortel Mathisen.


Går du utan refleks i mørket langs ein veg, vil ein bilførar som køyrer i 50 km/t ha to sekund på å oppdaga deg.


- Med refleks vil bilføraren ha 10 sekund til rådigheit. Det kan redda livet ditt, seier Mathisen.


På kroppen og i bilen

Ifølgje Frende bør det vera like sjølvsagt å bruka refleks når du går og syklar, som å ha refleksvest i bilen, meiner Slettemoen i Frende.


- Påbodet om refleksvest i bilen kom blant anna på grunn av ulukker der bilistar blei påkøyrde fordi dei ikkje blei sett då dei gjekk ut av bilen. Dette er unødvendige dødsulukker.


Ein refleksvest gjer deg meir synleg både når det er lyst og mørkt.


- Dersom du til dømes må skifta eit punktert dekk, leggja på kjetting eller du skal setja ut varseltrekanten, skal du ha vest på deg, fortel Slettemoen.


Og det er ikkje berre gåande, syklande og kjæledyr som bør finne fram refleksen no. Det kan også vera smart å kjøpa ein refleksspray.


- Den kan du bruka på tre, betong, metall og stein, til dømes i utkøyrselen, garasjehjørnet, på hagegjerde eller vanskelege kantar. Då vert lyset reflektert når billykta di kjem på, seier Slettemoen.


Ho understrekar at ein spray ikkje erstattar ein ordinær refleks på gåande eller syklande, fordi refleksspray åleine ikkje er nok til å bli sett i trafikken.


Les meir om: Nyhende Trafikk

Siste saker Gå til framsida