FLEIRE UFØRE: - Endringar i trygdeordningane er noko av årsakene til auken i talet på uføretrygda dei siste åra, seier Tore Thorsnes, direktør for NAV Sogn og Fjordane.

Fleire yngre i fylket vårt vert uføretrygda

Ved utgangen av september var det 5.535 personar i Sogn og Fjordane som tok i mot uføretrygd.

Publisert 09.11.2017 kl. 14.38.

Dette er 54 fleire enn i september i fjor og svarar til ein auke på 1,0 prosent. På landsnivå er det ein auke på 5.172 personar, tilsvarande 1,6 prosent, skriv Nav Sogn og Fjordane i ei pressemelding.
 
- Endringar i trygdeordningane er noko av årsakene til auken i talet på uføretrygda dei siste åra. Dette gjeld særleg avviklinga av tidsavgrensa uførestønad og innføringa av arbeidsavklaringspengar (AAP) i 2010, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.


Auke blant yngre

Samanlikna med september 2016, er det størst auke i talet på uføretrygda i aldersgruppa 30-39 år (+8,6 prosent). Aldersgruppa 18-29 år har ein auke på 7,4 prosent. I aldersgruppa 60-64 år er det ein reduksjon på 3,4 prosent i talet på uføretrygda.

- Dei siste åra har det vore ein tendens til at talet på uføre under 55 år aukar, mens det blir færre uføre over 55 år. Denne utviklinga skuldast delvis avviklinga av ordninga med tidsavgrensa uførstønad. At det er blitt fleire unge uføre over tid, må også sjåast i samanheng med at fleire med alvorlege sjukdommar overlever lenger på grunn av betre medisinsk behandling, seier Thorsnes.


Liten auke

I Sogn og Fjordane er det 8,2 prosent av befolkninga i aldersgruppa 18-67 år som tek imot uføretrygd, det er ein auke på 0,1 prosentpoeng frå september i fjor. På landsnivå har prosentdelen uføre auka frå 9,5 til 9,6 prosent.

- Dette er svært positive tal med den næringsstrukturen og alderssamansetninga som vi har i Sogn og Fjordane. Dersom fylket hadde same alderssamansetning som landet, ville prosentdelen uføretrygda berre vore 7,7 prosent og mellom dei lågaste i landet, seier Thorsnes.


Gradert uføretrygd

I Sogn og Fjordane var det per september 2017 22 prosent av dei uføretrygda som hadde ein gradert trygd, mot 23 prosent same månad året før. På landsnivå hadde 17 prosent gradert uføretrygd, det same som i juni 2016.

Av dei nye mottakarane av uføretrygd dei tre første kvartala i år, hadde 27 prosent ein gradert uføretrygd. I same periode i fjor var talet 29 prosent. På landsnivå er prosentdelen uendra på 25 prosent, skriv Nav i pressemeldinga.


Les meir om: Nyhende Helse

Siste saker Gå til framsida