Fleire unge vil bli fiskarar

Publisert 09.01.2017 kl. 12.13.

- Det er ikkje lenger flaut å vera fiskar. Gode tider gjer no at ungdom søkjer seg til yrket. Det er veldig gode nyhende for Noreg for dette er ei næring med stort framtidspotensial, seier fiskeriminister Per Sandberg.


For første gong på 20 år er det ei auke i tal fiskarar, frå 11 130 i 2015 til 11 244 i fjor. 40 prosent av dei nye fiskarane er under 30 år. Det viser tal frå Fiskeridirektoratet.


Les meir om: Nyhende Notis Ung

Siste saker Gå til framsida