UTBETRING: Røneidtunnelen i Luster er ein av tunnelane som blir oppgradert. (Arkivfoto)

Fleire tunnelar får oppgradering

Statens vegvesen er i full gang med å sikra 150 tunnelar på Vestlandet.

Publisert 06.02.2018 kl. 21.03.

Arbeidet med å gje ei rekkje tunnelar ei ny utrusting starta i 2015 og er godt i gang fleire stader, opplyser Statens vegvesen.


I Sogn er sprengingarbeidet i Gudvangatunnelen på E16 ferdig. Ein ny entreprenør kjem inn i mars for å utføra elektroarbeidet i tunnelen. Dette arbeidet vert ferdig seint i 2019.


Arbeidet med Fretheimstunnelen og Onstadtunnelen på same strekninga skal snart vera ferdig, og så står den seks kilometer lange Flenjatunnelen for tur. Sprengingsarbeidet skal etter planen starta på vårparten, og det er då venteleg at ein får lengre nattestengingar her. Det vil truleg bli sams kolonnekøyring gjennom Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen i denne perioden.


Arbeidet i Høyangertunnelen på fv. 55 har vorte noko forseinka, men ventast ferdigstilt i løpet av våren 2018. Rehabiliteringa av fv. 55 Hovdetunnelen i Høyanger starta ved årsskiftet. Arbeidet kjem til å halda fram gjennom heile 2018, og er planlagd ferdig på nyåret 2019.


Tussviktunnelen på fv. 55 i Balestrand har berre bruk for tiltak av mindre omfang, og arbeidet startar til hausten. For den nesten 1,7 km lange Vadheimstunnelen på fv. 55 vert det utlysing i andre halvdel av 2018 og truleg oppstart mot utgangen av året.


Tre tunnelar på fv. 55 i Luster, Røneidtunnelen, Ottatunnelen og Råumtunnelen, er lyste ut som felles entreprise, med anbodsopning 8. februar. Vegvesenet reknar med at arbeidet kjem til å starta rundt påsketider. I Råumtunnelen og Ottatunnelen vil det bli arbeidd på dagtid. I Røneidtunnelen blir det, grunna sprengingsarbeid, bli stengingar om natta.


Les meir om: Nyhende Samferdsle Trafikk

Siste saker Gå til framsida