ATTRAKTIVE: - Me har tett oppfølgjing av studentane, gode studentmiljø og gode mogelegheiter for dei som ynskjer å driva friluftsliv, seier opptaksleiar Arnstein Menes, som meiner søkjartala syner at Sogn og Fjordane har attraktive tilbod om høgare utdanning. (Arkivfoto)

Fleire søkjarar enn nokon gong til fylket

Aldri har det vore fleire søkjarar til høgare utdanning i Sogn og Fjordane enn det er i år, same året som Høgskulen i Sogn og Fjordane vart ein del av Høgskulen på Vestlandet.

Publisert 20.04.2017 kl. 11.24. Oppdatert kl. 11.38.

Det går fram av søkjartala til høgare utdanning som vart offentleggjorde torsdag. I det nasjonalt samordna opptaket har 1.738 personar ført opp studium i Sogndal eller Førde som førsteprioritet.


- Det er ikkje eit uventa resultat, seier opptaksleiar Arnstein Menes, og opplyser at dei er godt nøgde med søkjartala.


Det tilsvarande talet i fjor var 1.574.


- No er desse tala ikkje heilt samanliknbare fordi det i år er opptak til nokre deltidsutdanningar som ikkje hadde opptak i 2016, men sjølv når ein korrigerer for dette, er tal primærsøkjarar til Sogn og Fjordane det høgste nokon gong, fortel Menes.


Climate Change

I Sogn og Fjordane er det særleg sosialarbeidarutdanningane, barnehagelærar og idrett som har god utvikling i søkjartala.


Når det gjeld lokale opptak, finn Menes særleg grunn til å trekkja fram masterprogramma i organisasjon og leiing og det nye engelskspråklege programmet Climate Change Management.


- Masterutdanninga i Climate Change Management hadde i fjor 62 søkjarar, og i år er søkjartalet 137. Me har altså godt over dobla talet på søkjarar, og det er me veldig nøgde med.


Også vidareutdanningane for lærarar og praktisk-pedagogisk utdanning har mange søkjarar.


- Mange ynskjer å ta PPU-utdanning. Me har 240 søkjarar til heiltidsutdanninga her i Sogndal. Me har hatt kring 50 studieplassar på dette studiet, seier Menes, og legg til at dei har merka auka interesse for praktisk-pedagogisk utdanning etter at det vart klart at krava for å ta denne utdanninga vert endra. Neste år er siste året ein kan søkja på denne utdanninga utan å ha master.


Auke nasjonalt

Då søknadsfristen gjekk ut 15. april, var det i overkant av 136.000 personar som hadde søkt studieplass i det nasjonalt samordna opptaket. Dette er tre prosent fleire enn i fjor.


På landsbasis er det særleg ein del helse- og sosialfag, informasjonsteknologi og idrett som aukar søkjartala. I andre enden er søkjartala minkande for økonomifag, jus og ingeniør. Denne nedgangen merkast òg i Sogn og Fjordane og på heile Høgskulen på Vestlandet.


- Auken på tre prosent på landsbasis tek me ikkje heilt del i. Det meiner me skuldast konjunkturane me ser rundt oss, seier Menes og syner til at både i Sogn og Fjordane og på Høgskulen på Vestlandet elles har dei mange studentar på ingeniørfag og økonomifag.


Samanslåing

Høgskulen i Sogn og Fjordane vart frå nyttår slått saman med Høgskolen i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund til Høgskulen på Vestlandet. Menes meiner dette så langt ikkje har påverka søkartala.


- Me kan ikkje seia at samanslåinga har påverka oss enno. Me skal gjennom ein prosess der me skal laga nye einingar og nye system for det me driv på med. Ein eventuell effekt vil me nok først sjå om eitt år eller to, seier Menes, og legg til at denne prosessen òg kan føra til endring i studietilbodet.


- Det vil bli drøftingar om me skal ha same type tilbod på fleire stader, slik me har i dag, eller om me skal auka opp nokre stader. Då er det bra at me i Sogn og Fjordane har gode søkjartal som syner at me er attraktive og at det er grunnlag for å halda fram tilboda me har i åra som kjem.


Han trekkjer òg fram studiebarometeret der studentane i Sogn og Fjordane kom me gode tilbakemeldingar.


- Me har tett oppfølgjing av studentane, gode studentmiljø og gode mogelegheiter for dei som ynskjer å driva friluftsliv. Me brukar våre eigene studentar som ambassadørarar på utdanningsmesser, seier Menes, som meiner det er noko dei må halda fram med.


Flest i Bergen

7.810 personar har ført opp ein av dei 3.771 ledige studieplassane ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) som sitt første ønske. Dette er litt færre enn det samla talet på søkjarar ved dei tre tidlegare høgskulane i fjor, då talet var 8.075.


Gjennomgåande har Høgskulen på Vestlandet god rekruttering av studentar til dei aller fleste utdanningsprogramma. Sett i forhold til kor mange ledige studieplassar som skal fyllast, er søkjartala særleg høge til helse- og sosialfaga og til dei økonomisk-administrative studieprogramma.


Gjennomgåande er det slik at utdanningsprogramma i Bergen har fleire søkjarar enn tilboda i Sogndal, Førde, Stord og Haugesund, går det fram av ei pressemelding.


Lærarutdanning

Det har vore knytt stor spenning til søkjartala til grunnskulelærarutdanninga som frå hausten av blir 5-årig utdanning. No viser ferske tal frå Samordna opptak at HVL har ein liten auke i søkjartala til grunnskulelærarutdanninga for 1.-7.trinn.
 
- Det er utruleg gledeleg at me opplever ein liten oppgang i førsteprioritetssøkjarar til grunnskulelærarutdanninga 1.-7. trinn. For oss er dette utruleg positivt, seier rektor Berit Rokne ved Høgskulen på Vestlandet.

Den ferske Høgskulen på Vestlandet går dermed imot den nasjonale trenden som viser ein nedgang i søkjartala blant førsteprioritetssøkjarane til grunnskulelærarutdanninga 1.-7. trinn.


Siste saker Gå til framsida