Fleire personar i slagsmål i Sogndal

- Me har ikkje det fulle biletet av kva som skjedde og vil følgja opp saka, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen.

Publisert 04.03.2018 kl. 08.29. Oppdatert kl. 08.31.

Klokka 01.35 natt til søndag fekk politiet melding om at fleire personar var i slagsmål  i Sogndal sentrum. Operasjonsleiar Arve Samsonsen ved Vest politidistrikt opplyser at det kom inn fleire meldingar og at situasjonen vart oppfatta som alvorleg.
- Det blei antyda at rundt 10 personar var involvert i slagsmålet. Då politiet kom til staden var det roleg, men uoversiktleg, seier Samsonsen.

Han fortel at det vart gjort avhøyr på staden og at at politiet har oppretta sak og vil følgja opp over helga.
- Det er ikkje meldt om skade, men me har ikkje det store biletet av det som har skjedd. Difor vil politiet følgja opp saka, seier Samsonsen.


Les meir om: Nyhende Politi Sogndal

Siste saker Gå til framsida