EIN SMARAGD: Heile verdsarvområdet i Nærøyfjorden er komen inn på lista. (Arkivfoto/Renate Sæle)

Fleire område i fylket inn på europeisk «smaragdliste»

Europarådet har gjort vedtak om å ta inn i alt 568 område i Noreg inn i Emerald network, ei «smaragdliste» over verdfull natur i Europa.

Publisert 23.01.2018 kl. 13.38.

31 av desse naturområda ligg i Sogn og Fjordane. I og med nokre av desse naturområda består av fleire naturvernområde, er i alt 37 verneområde i Sogn og Fjordane med i Emerald Network, opplyser Fylkesmannen.


I Sogn og Fjordane er fleire store verneområde med på lista, mellom anna nasjonalparkane Jostedalsbreen, Breheimen og Jotunheimen, heile verdsarvområdet i Nærøyfjorden med to landskapsvernområde og tre naturreservat og Utladalen landskapsvernområde. I tillegg er fleire typar naturreservat, både sjøfugl, våtmark og myr,  med på «smaragdlista), mange av dei på kysten, skriv 


Vedtaket vart gjort på det 37. partsmøtet for Bernkonvensjonen, etter framlegg frå Klima- og miljødepartementet.


Alle dei norske naturområda som no er komne med i Emerald Network, er verna gjennom naturmangfaldlova. "Emerald Network" inneber at desse verneområda har fått eit viktig internasjonalt kvalitetstempel. Sogn og Fjordane har såleis natur av stor internasjonal verdi både på kysten og i låglandet i tillegg til dei store naturområda inst i fylket, slår Fylkesmannen fast.


Siste saker Gå til framsida