Fleire kontaktar pasientombodet

Publisert 17.03.2017 kl. 10.08.

Pasient- og brukarombodet i fylket har ei auke i tal saker i 2016. I 2016 var det 357 førespurnader som til saman utgjorde 442 saker. Ombodet har hatt ei jamn auke i saker dei siste fire år, opplyser Lisa Refsnes, pasient- og brukarombod i Sogn og Fjordane.


Pasient- og brukarombodet skal arbeide for å ta vare på behova, interessene og rettsryggleiken til pasientar og brukarar av helse- og omsorgstenesta. I 2016 handsama ombodet her i fylket 214 klagesaker som gjaldt spesialisthelsetenesta og 134 klagesaker som gjaldt kommunal helse- og omsorgsteneste. Det var ein auke i tal saker i begge kategoriar.


74 saker gjaldt generelle førespurnader om anten kommune eller spesialisthelsetenesta, der førespurnaden ikkje hadde element av klage i seg. Ombodet fekk 20 førespurnader som var utanformandat å handsama, til dømes Nav-saker, går det fram av årsmeldinga.


Les meir om: Nyhende Notis

Siste saker Gå til framsida