Fleire fødde i 2017

Publisert 10.01.2018 kl. 19.53.

937 nye babyar kom til verda i Sogn og Fjordane i fjor. Dette er høgaste fødselstalet i Helse Førde sidan 2012.


- Det er svært gledeleg at fødselstalet gjekk opp i fjor. Me håpar dette held fram, seier avdelingssjef for Kvinneklinikken i Helse Førde, Tom Guldhav, i ei pressemelding.


I 2012 vart det fødd 1.000 barn i fylket. I åra etterpå har fødselstalet lagt rundt 900. 


Les meir om: Nyhende Helse Notis

Siste saker Gå til framsida