Samla sett ligg Høgskulen på Vestlandet på landsgjennomsnittet i Studiebarometeret. (Arkivfoto)

Fleire av studia skårar høgt på Studie-barometeret

Idrettsstudentane i Sogndal og sjukepleiarstudentane i Førde er blant dei mest nøgde i landet.

Publisert 05.02.2018 kl. 18.51.

Fleire av studia ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) i Sogndal og i Førde skårar høgt i popularitet i den nasjonale undersøkinga Studiebarometeret som blei offentleggjort måndag, opplyser HVL i ei pressemelding.  Både sjukepleiar- og ingeniørstudentane i Førde er på topp når det gjeld nøgde studentar, samanlikna med tilsvarande studium andre stadar i landet. Også dei som studerer idrettsfag i Sogndal, er veldig nøgde med studia. Og Sogndal er også ein betre studiestad for dei som tar master i organisasjon og leiing enn andre stadar med samme tilbod.

Også ved dei andre campusane til Høgskulen på Vestlandet er det gode forhold for studentane. Jamnt over skårar ingeniørstudiane til HVL godt, også i Bergen og i Haugesund. Og masterstudiane til høgskulen er også svært populære blant studentane.


- Gledeleg

Alt i alt ligg HVL på landsgjennomsnittet på Studiebarometeret.

- Det mest gledelege er nok å sjå framgang på enkelte fag. Mellom anna ser me at bachelorstudentane ved eigedomsmeklingsstudiet i Sogndal er merkbart meir nøgde med studietilbodet i år enn i fjor. Det viser at høgskulen tar undersøkinga på alvor og er i stand til å gjera tiltak som betrar studietilbodet. Det er kanskje litt tidleg å snakkaom ein «fusjonseffekt» enno. Men me har tru på at når me får utnytta den kunnskapen og kompetansen som finns i heile HVL, på tvers av dei gamle høgskuleregionane, så vil studentar ved alle fag merka ein positiv effekt, seier prorektor for utdanning ved HVL, Bjørg Kristin Selvik i pressemeldinga.