SIGNERTE: Torsdag signerte administrerande direktør i Fjord1 Dagfinn Neteland (t.v.) og fylkesrådmann i Møre og Romsdal Ottar Guttelvik kontrakten verd om lag 1,9 milliardar kroner. (FOTO: Fjord1))

Fjord1 sikra seg milliardkontrakt

Signerte «Nordmørspakken» og set inn fem nye ferjer frå 2020.

Publisert 26.01.2018 kl. 06.45. Oppdatert kl. 07.19.

Kontrakten med Møre og Romsdal fylkeskommune har ein verdi på om lag 1,9 milliardar kroner og gjeld drifta av dei fire ferjesambanda  Edøya - Sandvika, Arasvika - Hennset, Seivika - Tømmervåg og Kvanne - Rykkjem. Kontraktsperioden er frå 1.1.2020 til 31.12.2030.


Nye ferjer

Fjord1 skriv i ei pressemelding at fem av dei seks fartøya på sambanda blir nybygg, som vil gje ei omfattande oppgradering samanlikna med dagens materiell.


«Alle nybygga blir moderne el-ferjer som primært skal gå heilelektrisk. Det vil i tillegg vera installert dieselgeneratorar for å sikra driftsstabilitet ved til dømes bortfall av straum frå land».


Nøgd og stolt

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland er glad for å ha vunne fram i anbodskonkurransen om drifta av dei fire nye fylkesvegsambanda på Nordmøre.
- Dette er ein stor og viktig kontrakt for Fjord1, der me vinn fram med nye og svært miljøvenlege fartøy. Me er stolte over å vera leiande i næringa innan «det grøne skiftet», og me gler oss stort til å setja i gang den nye kontrakten, seier Neteland.


Siste saker Gå til framsida