Fjellovergang opna etter opprydding

Men fleire vegar er stengde grunna ras fredag morgon.

Publisert 16.02.2018 kl. 08.44. Oppdatert kl. 09.38.

Fylkeseveg 50 Aurland-Hol er open for trafikk etter oppryddingsarbeid, melder Statens vegevesen. Vegen vart opna klokka 07.30.


Riksveg 13 over Vikafjellet er stengd på grunn av uvêr. Det vert ny vurdering klokka 14 fredag, opplyser vegvesenet.


Fylkesveg 13 i Balestrand er stengd ved Meland grunna oppryddingsarbeid etter at det gjekk eit større ras over vegen.


Også fylkesveg 152 i Balestrand er stengd ved Alstokka grunna ras. Vegen er venta opna i løpet av fredagen.


På fylkesveg 334 i Jostedalen gjekk det torsdag eit ras ved Fåberg. Vegen er framleis stengd. Her blir det ny vurdering fredag klokka 10.


Oppdatert vegmelding frå Statens vegvesen finn du her


Siste saker Gå til framsida