Fire vogntog med overlast

Må betala over 16.000 kroner i bøter.

Publisert 21.12.2017 kl. 19.41. Oppdatert kl. 19.54.

Statens vegvesen var på plass på Håbakken i Lærdal torsdag, og fleire sjåførar fekk ei god-jul-helsing dei kunne ha vore forutan.


 


 


Brot

Kontrollørane fann at det var overlast på fire av vogntoga dei kontrollerte.


- Dette resulterte i 16.550 kroner i gebyr fordelt på dei fire sjåførane, opplyser Bjarte Frækaland i Statens vegvesen.


I tillegg vart ein utanlandsk sjåfør meld til politiet for brot på køyre- og kviletidsreglane. Tre andre sjåførar fekk skriftleg åtvaringar for mindre brot på køyre- og kviletidsreglane.


 


Vel mykje pynt

Også ein sjåfør av personbil med tilhengar vart meld til politiet. Dette på grunn av manglande førarrett for bil og hengar.


Statens vegvesen sine folk gav også ein sjåfør beskjed om å rydda vekk pynt i frontruta før han kunne køyra vidare. 


Les meir om: Nyhende Lærdal