HAREPEST: Denne haren vart funnen daud ved Østerbø i Aurland. Veterinærinstituttet fann harepest då dei undersøkte han. (Foto: Knut Fredrik Øi)

Fire smitta av harepest - ein person døydde

Ekstra merksemd på sjukdomen harepest avdekte at fire personar i Aurland var smitta av sjukdomen.

Publisert 04.01.2018 kl. 11.36.

Fire personar frå Aurland kommune vart i løpet av kort tid smitta av harepest. Ein av dei fire døydde, og ei medverkande årsak til dødsfallet var sjukdomen, melder NRK.


- Personen døydde ikkje berre av harepest. Dette er ikkje ein dødeleg sjukdom for friske personar, men har ein andre sjukdomar i tillegg, så kan ein døy, seier kommuneoverlege i Aurland, Trygve Ness til NRK.


Fann daude harar

I oktober skreiv Sogn Avis at det var påvist harepest i fleire daude harar funne på Østerbø i Aurland.


- Me fatta mistanke etter å ha fått melding om seks daude harar på seinsommaren og no i haust, sa Knut Fredrik Øi, viltforvaltar i Årdal, Lærdal og Aurland den gongen.


I 2017 blei det meldt inn 81 tilfelle av harepest i Noreg. Det er meir enn normalt, årleg blir det vanlegvis meldt om mellom 30 og 50 smitta personar, går det fram av tal frå Folkehelseinstituttet.


Svært smittsamt

Det er mogeleg å vera smitta av harepest utan å vera klar over det.


- Det er nok veldig mange som har, eller har hatt harepest, utan å få diagnosen, seier Ness.


Harar og smågnagarar er spesielt utsette for harepest, eller tularemi. Dette er ein bakteriesjukdom som er svært smittsam, og kan overførast frå dyr til menneske gjennom direkte kontakt med døde harar eller gnagarar, gjennom vatn, kjøt, mygg og flått, eller å pusta inn infisert støv.