Filma jerv frå skuter

Eirik Hesjevoll Winge fekk 20 sekund opptak av jerven i Fortunsdalen.

Publisert 24.03.2018 kl. 12.04.

- Det var sjølvsagt ei spesiell oppleving og det er første gangen eg ser jerv, seier Eirik Hesjevoll Winge.


Han var passasjer på ein av Luster Røde Kors Hjelpekorps sine skuterar.


- Eg skulle gjera ein jobb på Nørstedalsæter, seier elektrikaren som var snar med å få opp mobilen då den mørke flekken dukka opp framfor skuteren.


Guida dagen etter

Jerven var på veg nordover i Fortunsdalen.


- Me ville ikkje pressa for hardt, men eg drog på litt for å koma nærmare slik at opptaket skulle bli brukbart, seier sjåfør Hans Kristian Sæta, nestleiar i Luster Røde Kors Hjelpekorps.


Jerven kryssa elva ved Åsete og sette kursen austover mot Liabreen på Sognefjellet.


Sæta varsla Statens naturoppsyn (SNO) som har fått kopi av videoopptaket.


Rovviltkontakt Aina Elise Stokkenes vart guida dagen etter av Sæta.


- Me fann ein heil del spor og me fekk prøver av ekskrement og hår som er sendt inn til DNA-analyse. Kor mange dyr som har vore på ferde i området, veit me ikkje før me har fått svar frå Rovdata i Trondheim, seier Stokkenes.


Åtte løyve

Arne Øvreås i Skjolden beitelag får inn uvanleg mange observasjonar av jervespor til å vera på denne tida av året.


- Det kryr av spor i Luster og Årdal, særleg på Årdalshalvøya, men også innover på Sognefjellet og nordover langs heile Opplandsgrensa, seier Øvreås.


Leiaren i beitelaget fryktar ein sesong med mykje jerv i fjella til sauebøndene i den indre delen av Luster kommune.


- Me lukkast ikkje med å ta ut dyr i lisensjakta som vart avslutta 15. febuar på grunn av yngletida. Kvoten var på åtte jervar, no håpar me på at Miljødirektoratet gjer eit ekstraordinært vedtak som gir oss løyve til å ta ut dyr.


Vanskeleg

Arne Øvreås opplever grensepolitikken som ulykksalig for beitelaget i Skjolden.


- Jerven kan få leva på den eine sida av fjellet og ikkje på den andre. For oss blir dyrehaldet veldig vanskeleg innanfor ei slik ramme.


- Ingen ønskjer i utgangspunktet hijakt, men med dagens forvalting er det ikkje til å unngå at ein tyr til slikt tiltak, seier Øvreås og legg til:


- Me forventar at Miljødirektoratet tek ut jerv som ikkje skal vera her føre beitesesongen tek til.


Les meir om: Nyhende Luster

Siste saker Gå til framsida